Dette programtillegget byter ut fargane i biletet med fargar frå den gjeldande paletten vald via Palettdialogvindauget.
Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå den gjeldande paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for kvar piksel og brukar denne verdien for å henta den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråtone- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.
Figur 16.201. Den gjeldande paletten brukt på ein fargeovergang
Den gjeldande paletten med 18 fargar
Fargene til den gjeldande paletten er brukt på ein svart-til-kvit fargeovergang. Fargen med den lågaste indeksen i paletten (oransje) erstattar den svarte fargen i fargeovergangen. Fargen med den høgaste indeksen i paletten (raud) erstattar den kvite fargen i fargeovergangen. Dei andre fargane spreidde seg i rekkjefølgja på paletten.