Sobelfiltra finn loddrette og vassrette kantar kvar for seg på eit skalert bilete. Fargebilete vert omforma til RGB-bilete, dersom dei ikkje er det frå før. Som med Laplace-filteret, vert resultatet eit gjennomsiktig bilete med svarte strekar og nokre fargerestar her og der.
                       
                     | 
                    Notat | 
|---|---|
| 
                       Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».  | 
                  
Teiknar kantane som er nær vassrette.
Teiknar kantane som er nær loddrette.
Denne innstillinga gir deg høve til å bestemma korleis filteret skal arbeide dersom du har vald bare ei retning. Resultatet er eit flatt relieff med humpar og holer.