10.4. Tilbakestill alle filtra

Når du køyrer eit interaktivt programtillegg, vert til vanleg dialogvindauget for programtillegget vist med dei innstillingane det hadde sist programmet var i bruk. Dette kan verta eit problem dersom du har gjort ein feil og ikkje hugsar dei opphavlege innstillingane. Ein måte å gjere det på, er å avslutta GIMP og starta på nytt igjen. Ein enklare måte kan vera å bruka kommandoen Tilbakestill alle filtra. Dette kan vere drastisk i og med at alle programtillegga vert tilbakestilte til normalinnstillingane. Difor får du eit spørsmål om du vil gjere dette. Som standard kan denne kommandoen ikkje angrast.

10.4.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FilterTilbakestill alle filtra.