5.25. Eksportera bilete som HEIF/HEIC

5.25.1. Oversyn

HEIF står for «High Efficiency Image File Format». Også kjent som HEIC «High Efficiency Image Coding».

Det kan lagrast dobbelt så mykje informasjon i eit HEIF-bilete som i eit JPEG-bilete ved same storleik og såleis med betre kvalitet. Per november 2025 var det berre nettlesaren Safari som kan lesa HEIF-formatet.

Meir informasjon i Wikipedia.

Figur 15.73. Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

5.25.2. Innstillingar

Utan tap

Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med tapsfri kompresjon. Dett gjev høgare kvalitet, men fila vert større.

Kvalitet

Viss det ikkje er merkt av for Tapsfri, bestemmer denne verdien kvaliteten på komprimeringa. 100 er den beste kvaliteten med lågast komprimering, medan 0 er den høgaste kompresjonen med dårlegast kvalitet.

Pikselformat

Definerer kva pikselformat det eksporterte biletet skal bruka for fargemellomsteg. Det er tre alternativ:

YUV420

Høver for fotografi med tapskomprimering. Dette formatet er mest kompatibelt med andre program som brukar HEIF og AVIF.

YUV444

Når brukt med ein høg Kvalitet, vert biletet eksportert som eit visuelt tapsfritt bilete.

RGB

Nyttig for å eksportera bilete tapsfritt.

RGB er ikkje tilgjengeleg ved eksport i HEJ2.

Bitdjupn

Bestemmer om biletet skal lagrast med 8 bit, 10 bit eller 12 bit per fargekanal.

Kodefart

Avveginga mellom fart og kompresjon. Sakte vil gje mindre filstorleik, men tek meir tid å koda.

Lagra fargeprofilen

Viss merkt, vert fargeprofilen innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra Exif

Viss merkt, vert Exif metadata innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra XMP

Viss merkt, vert XMP metadata innebygd i det eksporterte biletet.