5.26. Eksporter biletet som HEJ2

5.26.1. Oversyn

HEJ2-formatet er ei JPEG 2000 biletkode inne i ein HEIF behaldar. GIMP har også tilgjengeleg direkte JPEG 2000-eksport.

Figur 15.74. Dialogvindauget for HEJ2-eksport

Dialogvindauget for HEJ2-eksport

5.26.2. Innstillingar

Utan tap

Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med tapsfri kompresjon. Dett gjev høgare kvalitet, men fila vert større.

Kvalitet

Viss det ikkje er merkt av for Tapsfri, bestemmer denne verdien kvaliteten på komprimeringa. 100 er den beste kvaliteten med lågast komprimering, medan 0 er den høgaste kompresjonen med dårlegast kvalitet.

Pikselformat

Definerer kva pikselformat det eksporterte biletet skal bruka for fargemellomsteg. Det er tre alternativ:

YUV420

Høver for fotografi med tapskomprimering. Dette formatet er mest kompatibelt med andre program som brukar HEIF og AVIF.

YUV444

Når brukt med ein høg Kvalitet, vert biletet eksportert som eit visuelt tapsfritt bilete.

RGB

Nyttig for å eksportera bilete tapsfritt.

RGB er ikkje tilgjengeleg ved eksport i HEJ2.

Bitdjupn

Bestemmer om biletet skal lagrast med 8 bit, 10 bit eller 12 bit per fargekanal.

Kodefart

Avveginga mellom fart og kompresjon. Sakte vil gje mindre filstorleik, men tek meir tid å koda.

Lagra fargeprofilen

Viss merkt, vert fargeprofilen innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra Exif

Viss merkt, vert Exif metadata innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra XMP

Viss merkt, vert XMP metadata innebygd i det eksporterte biletet.