Raw biletdata gjer at dataa i eit bilete, altså pikslar eller palettindeksar og ein palett, vert skrive direkte inn i ei fil utan vidare informasjon som forklarer organiseringa av biletdataa.
Eksport som Raw-data må ikkje blandast saman med RAW-formatet som nokre digitalkamera brukar for bilete i høg kvalitet.
Desse innstillingane bestemmer korleis fargekanalane skal skrivast til ei fil.
Biletdataa vert skrivne inn som samanhengande pikslar.
Biletdataa vert skrivne inn som åtskilde kanalar eller pla, som betyr for eksempel at alle dei raude verdiane for kvar piksel vert skrive først, så dei blå og til slutt dei grøne og eventuelt alfaverdiane.
Berre tilgjengeleg for indekserte bilete. Bestemmer korleis paletten vert skriven inn.
Kvar palettoppføring inneheld raude, grøne og blå verdiar i den rekkjefølgja.
Kvar palettoppføring inneheld blå, grøne, raude verdiar og ein udefinert verdi i den rekkjefølgja. Dette er formatet som vert brukt i Windows BMP-filer.