6.14. Fasett

6.14.1. Oversyn

Figur 17.151. Eksempel på bruk av filteret «Fasett»

Eksempel på bruk av filteret «Fasett»

Frå øvst til nedst, utan fasett, «Avfasingsfasett» og «Relieffhump».


Dette filteret legg ein fasett til laget. Du får den beste verknaden når det er gjennomsiktige område rundt ei farga form.

6.14.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeFasett ….

6.14.3. Innstillingar

Figur 17.152. Innstillingane for filteret «Fasett»

Innstillingane for filteret «Fasett»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Fasett-type

Du kan velja mellom desse fasett-typane: Avfasing (standard) og Rugle.

Avfasing

Simulerer lyssetjinga for ein avfasa 3D-kant. Avfasing er skråkantar mellom to objektoverflater i eit objekt.

Rugle

Lagar ein 3D-effekt ved å leggja til ein relieff-effekt oppå sløringa.

Blandemåte

Du kan velja mellom mange blandemåtar for å justera effekten. Den første, Ingen vert brukt når du heller vil velja blandemåte for laget i GIMP.

Innstillingar for avstandskart

Berre tilgjengeleg for Avfasing. Det er tre val her som endrar strukturen på avfasinga. Prøv deg fram for å finna den som fungerer best på det aktuelle biletet.

Euklidisk

Avstanden er ei rett linje.

Manhattan

Avstanden er summen av dei eindimensjonale avstandane lags X-aksen og Y-aksen.

Chebyshev

Avstanden er maksimum av den eindimensjonale avstanden langs X- og Y-aksen.

Radius

Berre tilgjengeleg for Rugle. Bestemmer kor mykje humpane skal glattast ut.

Elevasjon

Dette bestemmer elevasjonen for fasinga.

Djupn

Dette bestemmer kor djup effekten skal vera, altså kor djup og detaljert han skal vera.

Lysvinkel

Dette styrer vinkelen på lyskjelda som lyser opp og skuggelegg effekten.