Dette filteret byter ut innhaldet i det gjeldande laget med eit tilfeldig generert labyrintmønster i svart/kvitt. Kan du finna vegen frå midten og ut til kanten i eksempelet ovanfor?
|
Notat |
|---|---|
|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Desse glidebrytarane vert brukte for å bestemma kor tykke banane og veggane i labyrinten skal vera. Dess lågare verdiar for breidd og høgd, dess fleire banar. For at figuren skal likna mest mogleg på ein labyrint, bør breidda og høgda vera den same.
Normalt er breidd og høgd lenkja saman, vist med lenkjesymbolet
ved sida av innskrivingsboksen. Viss du ønskjer å setja desse kvar for seg, kan du fjerna lenkinga ved å klikka på lenkjesymbolet.
Du kan velja mellom to ulike metodar for å generera labyrinten, Først djupn og Prims algoritme. I praksis betyr det ikkje så mykje kva for ein av desse du vel, nesten ingen ser skilnad.
Dersom du ønskjer å bruka labyrinten som eit mønsterelement, kan du gjera dette ved å kryssa av for denne funksjonen.
Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen . Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.
Du kan velja farge for labyrinten og for bakgrunnen. Standard er fargane i verktøykassa.