7.8. Sprei

7.8.1. Oversyn

Figur 17.167. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filter applied


Spreiefilteret byter kvar piksel i det gjeldande laget eller utvalet med ein annan tilfeldig vald piksel med ei brukarspesifisert mengd. Det fungerer på fargeovergangar, ikkje på einsfarga område. Ingen ny farge vert teke i bruk.

7.8.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterStøySprei ….

7.8.3. Innstillingar

Figur 17.168. Innstillingane for filteret «Sprei»

Innstillingane for filteret «Sprei»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Vassrett, Loddrett

Her bestemmer du kor langt pikslane skal flyttast vassrett og loddrett. Du kan låsa aksane saman ved å klikka på kjede-ikonet.

Tilfeldig frø, Nytt frø

Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen Nytt frø. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.