4.6. Fjern raude auge

4.6.1. Oversyn

Figur 17.44. Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Filter brukt


Føremålet med dette filteret er å fjerna raude auge frå eit bilete. For best resultat bør du først merkja dei raude delane av augo før du brukar dette filteret, elles vert alle raude område i biletet påverka av prosessen.

[Notat] Notat

Dette menyinnslaget er kopla frå viss biletet er i gråskala.

4.6.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterForbetraFjern raude auge ….

4.6.3. Innstillingar

Figur 17.45. Innstillingar for filteret «Fjern raude auge»

Innstillingar for filteret «Fjern raude auge»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Terskel

Denne innstillinga bestemmer kor mykje raudt som trengst for å endra fargen. Den raude verdien i kvar piksel vert bytt ut med ein kombinasjon av grønt og om lag 20 % av blått i den same pikselen.