Dette filteret gjer at biletet ser ut som eit ferdig samansett puslespel. Strekane har lett for å verta hakkete, men dette kan enkelt utbetrast med filteret Gaussisk sløring med radius omkring 1,0.
|
Tips |
|---|---|
|
Dersom du har behov for å markera enkeltbitar frå puslespelet, kan dette gjerast ved å teikna puslespelet på eit separat lag fylt med einsfarga kvit. Sett lagmodus til «Multipliser» og klikk på bitane i dette nye laget med verktøyet tryllestaven. |
|
Notat |
|---|---|
|
Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg. |
Glidebrytarane styrer kor mange bitar det skal vere bortover og nedover.
Denne glidebrytaren kontrollerar hellinga på bitane. Ein liten verdi her gir inntrykk av at puslespelet er skore ut i tre, medan ein større verdi gir avrunda kantar omlag som dei du finn på puslespel i papp.
Glidebrytaren for høglys kontrollerar styrken til høglysa som vert viste på kantane av kvar brikke. Du kan samanlikna det med «glansen» til materialet puslespelet er laga av. Breidda på høglysa er sett i høve til breidda på kantavrundinga. Dess fleire brikker du legg til i puslespelet, desto lågare verdiar for blandebreidde og høglys bør du bruka. Standardverdiane passar for eit bilete på 500×500 pikslar.
Du kan velja mellom to typar puslespel: Kvadratisk og Kurva.
Dette gir bitar med rette linjer.
Dette gir kurveforma bitar.