12.8. Dias

12.8.1. Oversyn

Figur 17.281. Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Eksempel på bruk av filteret


Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit lysbilde (dias) ved å leggja til ein svart kant rundt biletet med gripehol og merkelappar.

Om nødvendig vert biletet klipt for å passa inn i sideforholdet: 3 : 2. Viss biletbreidda er større enn bilethøgda, vert det lagt til svarte rammer oppe og nede i bletet, elles vert rammene lagt på høgre og venstre side. Du kan bestemma farge og skrifttype for teksten som kjem fram i rammene. Perforeringane vert teikna med den gjeldande bakgrunnsfargen.

[Notat] Notat

Dette filteret verkar berre på RGB-bilete og gråskalabilete utan alfakanal. For andre format er menyoppføringa kopla ut.

12.8.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorDias….

12.8.3. Innstillingar

Figur 17.282. Innstillingane for filteret «dias»

Innstillingane for filteret «dias»

Tekst

Ein kort merkelapp som vert vist oppe (eller til venstre) på ramma («filmen»). Teksten må vera relativt kort.

Nummer

Her kan du skriva inn ein tekst for å simulera fortløpande tal. To tal vert viste: dette talet og dette talet med teiknet «A» lagt til.

Skrifttype

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for skrifttype for å velja skrifttypen for teksten på ramma.

Skriftfarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velja farge på teksten.

Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta ein kopi av biletet med filteret brukt. Det opphavlege biletet vert ikkje endra.