Innhald
Du finn menyar mange stader i GIMP. Føremålet med dette kapitlet er å forklara alle kommandoane som er tilgjengelege frå hovudmenyen øvst i GIMP-vindauget og den hovudmenyen som kjem opp når du høgreklikkar på lerretet. Dei andre menyane vert forklarte under omtalar av dei respektive dialogvindauga.
Notat | |
---|---|
Hovudvindauget vil innehalda nokre ekstra oppføringar viss du har lagt til skript eller programtillegg. |
Mange stader i GIMP kan du få fram ein sprettoppmeny ved å høgreklikka. Denne gjev deg tilgang til tilleggskommandoar avhengig av kvar du klikka. Nokre av desse plassane er:
Høgreklikkar du på eit biletvindauge vert hovudmenyen opna. Dette kan vere nyttig når du arbeider på full skjerm utan synleg biletmeny.
Høgreklikkar du på eit lag i lagdialogvindauget eller på ein kanal i kanaldialogvindauget kjem det fram funksjonar for det valde laget eller den valde kanalen.
Høgreklikking på hovudmenyen har same effekten som venstreklikk.
Høgreklikk på tittellinja vil visa funksjonar som ikkje høyrer til GIMP, men kjem frå bilethandsamaren i datamaskinen.
«Fanemenyen
Alle dialogvindauga som kan limast inn i eit samlevindauge har ein fanemenyknapp, utheva nedanfor. Når du trykkjer på denne knappen, kjem det opp ein meny med fanerelaterte operasjonar. Øvst i denne menyen er det ei oppføring der du kan opna sprettoppmenyen for innlimingsvindauget.
Sjå Del 2.3.2, «Fanemenyen» for å lære meir om fanemenyane.