4.4. Dialogvindauget «Biletmalar»

Figur 15.67. Dialogvindauget for å redigera malar

Dialogvindauget for å redigera malar

Malar er førehandsdefinerte biletinnstillingar som du kan bruka til å raskt laga eit nytt bilete med dei dimensjonane, oppløysninga osv. som du likar. GIMP kjem med mange installerte malar, men du kan også laga dine eigne. Når du opprettar eit nytt bilete, kan du få tilgang til lista over eksisterande malar for å velja ein som skal brukast som base for det nye biletet. Du kan administrera desse malane i dialogvindauget «Malar».

4.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeMalar.

  • frå fanemenyen i ein annan dialogmeny ved å klikka på fana og velja Legg til faneMalar.

4.4.2. Å bruka maldialogvindauget

Du vel ein mal ved å klikka på ikonet. Dersom du høgreklikkar på ikonet, kjem det opp ein meny med dei same funksjonane som for knappane nedst i dialogvindauget.

4.4.2.1. Rutenett/Liste-modus

I fanemenyen for «biletmalar» kan du velje mellom Vis som tabell og Vis som liste. Dersom du ikkje har gitt malane bestemte ikon (sjå nedanfor korleis du gjer det), vil tabellforma vise ei oppstilling med likeforma ikon. Øvst i vindauget finn du namnet på den valde malen. Dersom du i staden vel listeform, som er den vanlege, vert malane lista opp under kvarandre med ikon og namn.

Frå fanemenyen kan du også bruke menyoppføringa Storleik på førehandsvisinga for å vise ikona i eit høveleg format.

[Tips] Tips

tastekombinasjonen Ctrl + F i ei liste vil opne eit søkefelt. Sjå Vis som liste/tabell

4.4.2.2. Knappane nedst

Desse knappane gir deg høve til å utføre ein del operajonar på biletmalane:

Opprett eit nytt bilete frå den valde malen

Klikk på denne knappen for å opna eit nytt bilete med dei same innstillingane som er definerte i den valde malen.

Opprett ein ny mal

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget ny mal. Dette er det same dialogvindauget som vert brukt for å redigera malen, som er vist nedanfor.

Kopier den valde malen

Trykk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å redigera den definerte malen.

Rediger den valde malen

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget Rediger malder du kan justera dei biletrelaterte innstillingane for den valde malen.

Slett den valde malen

Dette slettar den valde malen etter å ha bede om stadfesting.

[Tips] Tips

Alle malane er lagra i ei templaterc-fil i den personlege GIMP-katalogen din. Dersom du vil henta inn igjen malar som du har sletta, kan du kopiera eller leggja til maloppføringar til fila di frå hovudfila templaterc i etc/gimp/2.0-katalogen til GIMP si systemmappe.

4.4.3. Rediger malen

Figur 15.68. Dialogvindauget for å redigera mal

Dialogvindauget for å redigera mal

Dette dialogvindauget gjev deg høve til å endra alle innstillingane i den valde malen.

Du har tilgang til dette dialogvindauget frå knappen Rediger malen nedst i dialogvindauget for malar.

Innstillingar

Namn

Her kan du endra namnet for malen.

Ikon

Du kan velja eit anna ikon som skal visast framføre namnet på malen ved å klikka på dette ikonet. Du kan henta ikonet frå ei liste over førehandsdefinerte ikon, frå ei fil i datamaskinen eller ved å lima inn frå utklippstavla.

Biletstorleik

Her skriv du inn høgde og breidde for det nye biletet. Til vanleg vert desse målt i pikslar, men du kan byta til ei anna måleening om ønskjeleg frå nedtrekksmenyen. Dersom du gjer dette, må du vera klar over at storleiken i pikslane vert bestemt også ut frå X- og Y-oppløysinga. Denne kan du eventuelt endra i «Avanserte innstillingar». Samstundes bør du også setja Punkt for punkt i Vis-menyen.

Knappane Ståande/Liggande

Denne knappen vekslar mellom ståande eller liggjande modus. Det som skjer er at verdiane for Breidd og Høgd vert bytte om. Dersom biletet er sett opp med ulike verdiar for X- og Y-oppløysing, vert også desse verdiane bytte om. Til høgre for desse knappane er det lista opp høgd, breidd, oppløysing og fargemodell brukt i det aktuelle biletet.

Avanserte innstillingar

Figur 15.69. Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»


I dei avanserte vala kan du endra fleire tilleggsinnstillingar for biletet.

X- og Y-oppløysing

Desse innstillingane er helst tenkt brukte dersom du skal skriva ut biletet. Innstillingane endrar ikkje storleiken på bilete i pikslar, men bestemmer kor stort biletet vert på papiret når det vert trykt. Innstillingane kan også påverka korleis biletet vert vist på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av i Vis-menyen og visinga er sett til 100% zoom i den same menyen, vil GIMP prøve å vise biletet på skjermen i naturleg storleik rekna ut frå pikselverdiane og oppløysinga. Dette under føresetnad av at biletskjermen er korrekt kalibrert. Dersom denne kalibreringa ikkje vart gjort då GIMP vart installert, kan du gjere det frå dialogvindaugetSkjerm i menyen «Innstillingar».

Fargerom

Her kan du berre velje mellom RGB eller gråskala. Skulle du ha ønskje om andre fargemodellar, må du omforma til ønskt modell etter at du har laga biletet.

Presisjon

Du kan velja presisjonen GIMP skal bruka for biletet. Sjå meir om dette i dokumentasjonen for menyen Koding.

Gamma

Du kan velja om du vil bruka Ikkje-lineær eller lineært lys. Sjå meir om dette i dokumentasjonen for menyen Koding.

Fargeprofil

Her vel du fargeprofilen for biletet. Standard er den innebygde sRGB-profilen, men du kan også velja din eigen profil frå ei fil i datamaskinen.

Fyll med

Du har fire val for kva slag farge bakgrunnslaget i det nye biletet skal fyllast med:

  • Forgrunnsfarge er den fargen som er vist som forgrunnsfarge i verktøykassa.

  • Bakgrunnsfarge er den fargen som er vist som bakgrunnsfarge i verktøykassa.

  • Kvit, brukar kvit på bakgrunnslaget.

  • Gjennomsikt. Bakgrunnslaget i det nye biletet vert laga med alfakanal. Bagrunnslaget vert gjennomsiktig.

  • Mønster, brukar det gjeldande mønsteret for å fylla bakgrunnslaget.

Kommentar

Du kan leggja til ein standard merknad som vert teken opp i biletet. Når biletet vert eksportert, vil merknaden også lagt til i filformat som støttar merknadar. Du kan endra merknaden i dialogvindauget for eksport.