Verktøya har ulike innstillingar som du kan setje opp. Du kan bestemme utvalsmodus for kvart av utvalsverktøya slik:
I erstatt-modus vert det eksisterande utvale erstatta med det nye. Dette er den mest brukte modus.
I legg-til-modus vert det nye utvalet lagt til det eksisterande utvalet. Du kan halde nede Shift-tasten for å setja utvalet i legg-til-modus.
I trekk-frå-modus vert det nye utvalet trekt i frå det eksisterande utvalet. Du kan halda nede Ctrl-tasten for å setje utvalet i trekk-frå-modus.
I snitt-modus vert det laga eit utval av det området som er felles for det nye utvalet og det eksisterande utvalet. Du kan halde nede tastane Shift og Ctrl samstundes for å setja utvalet i snitt-modus.
Biletet viser eit eksisterande rektangelutval. Vel lassoen, hald nede Shift-tasten og lag eit frihandsutval som inkluderer det gjeldande utvalet. Slepp opp museknappen og det nye området vert inkludert i det gjeldande utvalet.
Notat | |
---|---|
For å arbeide meir nøyaktig kan du bruke snarmaska. |