11. Menyen «Vindauge»

Denne menyen blir brukt for å handtere vindaugedialogen i GIMP:

Menynamnet «Vindauge» passar vel eigentleg ikkje heilt i enkeltvindauge-modus. Oppføringane i menyen viser til funksjonar som finst både i enkelt- og multivindauge-modus. Kva som blir vist, vil vere avhengig av om det er aktive bilete- og innlimingsvindauge eller ikkje:

Figur 16.251. Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Utan opne biletvindauge

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Med opne bilete


  1. Tidlegare lukka samlevindauge: Dette menyvalet opnar lista over dei samlevindauga du nyleg har lukka. Du kan opna dei igjen ved å klikke på namnet. Legg merke til at frittståande vindauge ikkje er med i denne lista.

    Sjå meir om samlevindauge i Dialogar og samlevindauge.

  2. Dialogvindauge: Opnar ei liste over dialogar som kan limast inn i andre dialogar. Sjå om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

  3. Verktøykassa: Klikk på denne oppføringa, eller bruk tastekombinasjonen Ctrl + B for å løfte verktøykassa og som oftast også verktøyinnstillingane til fremst på skjermen. Merk at i enkeltvindaugemodus har dette ingen effekt sidan verktøykassa er ein del av Hovudvindauget.

  4. Lista over opne biletvindauge: Klikk på eit biletnamn, eller bruk tastekombinasjonen Alt + Biletnummeret for å gjere biletet aktivt.

  5. Lista over opne dialogvindauge: Desse får namn etter det aktive innhaldet i dialogvindauget. Klikk på vindaugenamnet for å løfta dialogvindauget fremst på skjermen. Merk at i enkeltvindaugemodus vert berre innlimte vindauge som ikkje er ein del av Hovudvindauget viste her.

  6. Gøym samlevindauga (Tab): Gøymer samlevindauga (som til vanleg finst på både på høgre og venstre side av biletet). Bare biletvindauget vert synleg. Dersom du lukker GIMP med denne statusen, vert GIMP opna neste gong med same status.

  7. Vis faner: i enkeltvindaugemodus endrar denne kommandoen om fanene skal visast eller ikkje med alle opne vindauge. Som standard er fanelinja synleg, men du kan gøyma ho viss du ikkje treng ho eller treng litt ekstra plass på skjermen.

    Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

  8. Faneposisjon: I enkeltvindaugemodus kan du bruka denne komandoen for å plassera fanelinja som viser kva bilete som er lasta inn. Som standard er fanelinja sett på Topp, men du kan endra dette for å visa linja på Botn, til Venstre eller til Høgre.

    Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

  9. Enkeltvindauge-modus: GIMP blir vist i eitt vindauge. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.