11.11. Tekstil

11.11.1. Oversyn

Figur 17.216. Eksempel på bruk av filteret «tekstil»

Eksempel på bruk av filteret «tekstil»

Filteret «tekstil» brukt (i utvalet)


Kommandoen Tekstil er eit skript som lagar ein tekstilliknande tekstur i det utvalde området eller alfakanalen.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

Denne effekten vert laga gjennom følgjande steg:

  1. Opprett eit bilete med same storleik som det opphavlege biletet eller utvalet eller alfaområdet og legg eit lag til dette området fylt med kvitt og kraftig støy.

  2. Lag ein kopi av det nye laget over det gamle og set kopien til modus multipliser.

  3. Legg til gaussisk sløring i ulike retningar. Det nedre laget vert sløra vassrett med Slør X som radius, det øvre laget vert sløra loddrett med Slør Y som radius.

  4. Flettar desse to laga saman til eitt biete og gjer at kontrasten vert utvida mest mogleg før dette nye biletet vert lettare sløra.

  5. Til slutt vert det nye laget avbilda på det gjeldande biletlaget med parameterane sette for Asimut, Elevasjon og Djupn.

11.11.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskTekstil ….

11.11.3. Innstillingar

Figur 17.217. Innstillingane for filteret «tekstil»

Innstillingane for filteret «tekstil»

Verdiane for Asimut, Elevasjon og Djupn kjem frå filteret avbilding.

Slør X, Slør Y

Desse parametrane bestemmer fiberlengda for teksturen, Slør X vassrett og Slør Y loddrett. Skalaen går frå 3 til 100.

Asimut

Glidebrytaren Asimut styrer kva kompassretning lyset kjem frå. Både minsteverdien (0,00) og størsteverdien (360,00) er retninga klokka tre på ei analog klokke. Aukande verdiar dreier lyset mot klokka.

Elevasjon

Glidebrytaren Elevasjon styrer kor høgt over horisonten lyset kjem frå. Med minimumsverdien 0,50 kjem lyset frå horisonten, medan det med maksimumsverdien 90,0 kjem rett ovanfrå (senit).

Djupn

Glidebrytaren Djupn styrer avstanden mellom toppane og botnane. Verdien kan variera frå 1 til 65. Høgare verdiar gjev ei meir ruglete overflate.