Dette filteret legg til ein kul falsert kant rundt bilete. Kanten vil sjå taggete og uklar ut, og du kan spesifisera farge og breidd på den falserte kantlinja. Eventuelt kan du leggja til ein skugge til biletet.
Klikk på denne knappen for å få opp dialogvindauget for å velja farge på kanten.
Her kan du setja breidda på den ulne kanten (i pikslar). Maksimum er 300 pikslar same kva breidde og høgde biletet har.
Viss denne er merkt vert kanten uklar. Eksempelet nedanfor viser effekten av sløringa:
Korninga av kanten er omlag det same som storleiken på pikselblokkene som vert spreidde utover for å laga den ujamne, ulne kanten.
Figur 17.264. Eksempel på bruk av korning, utan sløring
Korning 1, minimum
Korning 4, normalinnstillinga
Korning 16, maksimum
Viss avmerkt, vil filteret også laga ein skugge langs kanten.
Figur 17.265. Eksempel på bruk av «Legg til skugge»
Det er merkt av for «Skugge», skuggevekt 100 % (normalinnstilllinga)
«Legg til skugge» med skuggevekt 10 %.
«Legg til skugge» ikkje avmerkt (standard)
Dersom Legg til skugge er avmerkt, kan du setja dekkevna for skuggen her. Standard er 100 % (full dekkevne).
Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Det opphavlege biletet vert ikkje endra.
Viss dette ikkje er merkt av, beheld filteret dei ekstra laga det brukte for å laga ramma og skuggen (viss det krevst). Standard er å slå saman alle lag.