3.2. Penseldialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-06 KoSt

Figur 13.23. Penseldialogen

Penseldialogen

Penseldialogen blir brukt for å velje penslar til bruk med maleverktøya. Sidan ein pensel i GIMP ikkje er heilt det same som ein pensel i malefaget, kan det vere lurt å kikke nærare på kapitlet Penslar, dersom du ikkje alt har gjort det. Denne dialogen gir deg også tilgang til ulike måtar å manipulera penslane. Du kan velje pensel ved å klikke på han i ei liste. Kva pensel som er i bruk blir vist i verktøyskrinet i området Penslar/Fargeovergangar/Mønsterelement. GIMP blir levert med ein god del penslar ferdiginnstallerte. Av desse er noen få eigentleg nokså meiningslause, men er tatt med for å vise kva som er mogleg. Du kan nemleg også kreere dine eigne penslar mellom anna ved å lagra bilete som penslar.

3.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarPenslar

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld tre dialogar der den ein av dei er penseldialogen.

  • frå verktøyskrinet ved å klikka på penselsymbolet i området Penslar/Mønsterelemen/Fargeovergangar.

  • frå biletmenyen: DialogarPenslar

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til fanePenslar

  • Du kan også få tilgang til eit penselval ved å klikka i dialogvindauget for innstillingane av teikneverktøya. Det kjem då opp ei liste over alle tilgjengelege penslar. Heilt nede til høgre i denne lista er det ein knapp som opnar den vanlege penseldialogen.

    Penslane du vel frå oppsprettmenyen kan anten gjelda for alle teikneverktøya eller bare for det aktive verktøyet. Dette er bestemt i Innstillingane for verktøya.

3.2.2. Å bruke fargedialogen

3.2.2.1. Rutenett/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus blir penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus blir penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.

[Notat] Notat

Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gir deg høve til å bestemma storleieken på førehandsvissinga av penselen.

Figur 13.24. Penseldialogen

Penseldialogen

Penseldialogen på tabellform

Penseldialogen

Penseldialogen på listeform


Tabellform

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på den aktive penselen og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege penslar. Den aktive penselen er ramma inne. Dersom du ser eit lite “+” til høgre for penselen, betyr dette at han eigentleg er større enn det som blir vist i tabellen. Dersom det er ein liten raud trekant knytt til penselen, viser dette at penselen er ein mønsterpensel (Bm.: børsterør). Du kan klikka på ein pensel for å gjere han til den aktive penselen. Eit dobbelklikk på penselen opnar penselbehandlaren for den aktuelle penselen.

Listeform

Stort sett verkar dialogen på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak:

Dersom du dobbelklikker på eit penselnamn, vil du opna for penselbehandlaren slik at du kan redigere penselen. Redigeringa er likevel avgrensa til å gjelde penslar du har laga eller lagt inn sjølv. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noe med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykker Enter vil forandringane gå tilbake til slik dei var. Dette er ein generell regel i GIMP. Du kan ikkje gjere forandringar i noe som kjem ferdiginstallert, bare i ting du har lagt inn sjølv.

3.2.2.2. Trykknappane

Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar:

Mellomrom

Glidebrytaren “Mellomrom” bestemmer avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover teikneflata.

Rediger pensel

Trykk på denne for å opna Penselbehandlaren. Du kan bare redigera parametriske penslar, dvs. slike du har lagt inn sjølv. Andre typar penslar blir viste i behandlaren, men du kan ikkje gjere noe med dei.

Ny pensel

Denne knappen lagar ein ny pensel og set han opp med startverdiane for ein liten, rund pensel med diffust avtrykk. Deretter blir penselbehandlaren opna slik at du kan gjere dei forandringane som skal til for å få han slik du ønskjer. Den nye penselen blir lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Kopier pensel

Denne knappen er bare tilgjengeleg dersom den aktive penselen er parametrisk. Knappen lagar i tilfelle ein kopi av den aktive penselen og opnar penselbehandlaren opna slik at du kan forandre kopien. Resultatet blir lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Slett penselen

Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerna alle spor etter den aktive penselen, både frå dialogen og frå lagringsmappa. Du blir beden om å stadfesta slettinga.

Oppdater penslar

Dersom du har lagt inn penslar i brushes-mappa på andre måtar enn med penselbehandlaren, kan du gjere desse synlege i dialogen ved å trykke på denne knappen.

Du kan også kalla opp funksjonane til desse knappane frå oppsprettmenyen som dukkar opp når du høgreklikkar ein eller annan stad i pensellista, eller ved å velje dei frå fanemenyen Penselmeny.

3.2.3. Penselbehandlaren

Figur 13.25. Dialogen for penselbehandlaren

Dialogen for penselbehandlaren

Med penselbehandlaren kan du anten bare studera penselparametra for ein pensel som blei levert med GIMP, eller du kan forandra data for penselen eller laga ein heilt ny pensel ut frå ein geometrisk figur. Penselbehandlaren har fleire innstillingar:

Dialogfanen: Som med alle dialogar, kan du også i penselbehandlaren hente fram ein meny ved å klikke på det vesle triangelet oppe til høgre. Denne menyen gir deg høve til å setje ein del innstillingar for dialogvindauget.

Tittellinja: Her skriv du inn namnet på den nye penselen.

Område for førehandsvising: Alt du gjer av forandringar på penselen blir viste her så snart dei er utført.