3.3. Dialogen for mønsterelement

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-06 KoSt

Figur 13.26. Dialogen for mønsterelement

Dialogen for mønsterelement

I GIMP er eit mønsterelement (Bm.: “Mønster”) eit lite bilete som blir brukt for å fylle ut område ved at kopiar av biletet blir lagt side om side. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne mønsterelement, i avsnittet Mønsterelement.

Mønsterelementa blir brukte med verktøya fyll og klone og i kommandoen fyll med mønsterelement.

Du veljer mønsterelement ved å gå inn på dialogen for mønsterelementa og klikke på det elementet du ønskjer. Det valde mønsteret blir vist i verktøyskrinet i området Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar. Det følgjer med eit nokså tilfeldig utval av mønsterelement når du installerer GIMP, men det er heldigvis lett å lage nye.

3.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarMønsterelement

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld tre dialogar der den ein av dei er dialogen for mønsterelement.

  • frå verktøyskrinet ved å klikka på ruta med mønsterelement.

  • frå biletmenyen: DialogarMønsterelement

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneMønsterelement

  • Frå innstillingsdialogen for kloneverktøyet ved å klikke på miniatyren som viser mønsterelementet. Dette fordi kloneverktøyet også kan teikne med mønsterelement.

3.3.2. Å bruke dialogen

Rutenett/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus blir mønstra viste i ein todimensjonal tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire mønsterelement samstundes, er det lett å velje det du har bruk for. I listemodus blir mønsterelementa sett opp i ei liste som også viser namnet på mønsterelementa.

[Tips] Tips

I dialogvindauget blir alle mønsterelementa viste i same storleik. Dersom mønsterelementet er større enn denne ramma, vil bare ein del av elementet bli vist. Dette gjeld både i listemodus og i tabellmodus. Ønskjer du å sjå elementet i full målestokk, klikkar du på det og held nede museknappen ei lita stund.

[Notat] Notat

I fanemenyen kan du finne kommandoen Storleik på førehandsvisinga som gir deg høve til å velje mellom ulike visingsformat.

Figur 13.27. Dialogen for mønsterelementa

Dialogen for mønsterelementa

Listeform

Dialogen for mønsterelementa

Tabellform


Å bruke dialogen (tabellform)

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på det aktive mønsterelementet og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege mønsterelement med det aktive elementet utheva. Klikkar du på eit av dei andre elementa, blir dette det aktive, noe som blir vist ved at det dukkar opp i verktøyskrinet.

Å bruke dialogen (listeform)

I denne visinga blir mønsterelementa viste som ei liste saman med namn og format på kvart element. Også her kan du klikke på eit element for å gjere det til det aktive.

Dersom du dobbelklikker på eit mønsternamn, får du høve til å skrive inn eit nytt namn. Dette er likevel avgrensa til å gjelde mønster du sjølv har laga eller lagt inn. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noe med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykker Enter, vil det gamle namnet vere det einaste som er i bruk.

Alt i listemodus verkar elles slik det gjer det i tabellmodus.

Fjern mønsterelement

Trykker du på denne knappen, vil mønsterelementet bli fjerna både frå dialogen og frå den personlege patterns-mappa di. Du kan ikkje fjerne mønsterelement som blei installerte saman med GIMP eller er installerte i systemmappa patterns.

Oppdater mønsterelementa

Dersom du har lagt inn nye mønsterelement i GIMP kan du trykke på denne knappen for å oppdatere dialogen. Dette er enklare enn å starte GIMP på nytt.

Dersom du har lagt inn penslar i brushes-mappa på andre måtar enn med penselbehandlaren, kan du gjere desse synlege i dialogen ved å trykke på denne knappen.