13.2. Å lage figurar

  1. Å teikne ulike geometriske figurar er vel ikkje det GIMP blir brukt mest til, men det er fullt mogleg. Til vanleg lager du desse enklast med teknikken frå Figur 7.24, “ Biletet viser eit nytt bilete med kvit bakgrunn eller ved å bruke eit av markeringsverktøya slik vi vil vise det her. Opprett eit nytt bilete og forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike.

  2. Figur 7.28. Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelmarkeringa.

    Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelmarkeringa.

    Grunnleggjande figurar som rektangel og ellipse er lette å få til ved hjelp av markeringsverktøya. Her vil vi bruke rektangelmarkeringa som eksempel. Klikk på denne i verktøyskrinet og lag ei markering på teikninga di. Dette gjer du ved å klikka der du ønskjer det øvre, venstre hjørne av markeringa skal vere og flytter musepeikaren (slik den raude pila viser på figuren Figur 7.28, “ Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelmarkeringa. ) medan du held nede den venstre museknappen. Slutt når rektanglet er så stort som du vil ha det. Er du usikker på dette, kan du kikke nærare på avsnittet om markeringsverktøya.

  3. Figur 7.29. Biletet syner ei rektangelmarkering fylt med forgrunnsfargen

    Biletet syner ei rektangelmarkering fylt med forgrunnsfargen

    Når du har laga ei markering, kan du fylle denne medforgrunnsfarge ved hjelp av fyll-verktøyet , eller du kan teikne omrisset med kommandoen Strek opp markeringa i Rediger-menyen. Er du misfornøgd med resultatet kan du bare fjerne markeringa.