Kommandoen auge”-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeider med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del verdiar for plasseringa.
blir brukt til å setje nøyaktig possisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med “
![]() |
Notat |
---|---|
I GIMP 1.2 var det øverste synlege laget utgangspunktet for innrettinga. I GIMP 2 er utgangspunktet kantane på lerretet. Du kan også bruke botnlaget som basis for innrrettinga, sjølv om det ikkje er synleg, ved å markere for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis i dialogvindauget. |
Figur 14.120. Eksempel på innretting
Eksempelbiletet inneheld fire lag på eit 150 x 150 piksel lerret. Det raude kvadratet er 10 x 10 piksel, det grøne rektangelet er 10 x 20 piksel og det gule er 20 x 10 piksel. Bakgrunnslaget, som er blått og på 100 x 100 pikslar, blir ikkje berørt av kommandoen sidan valet Ignorer det nederste laget er avkryssa i dialogvindauget. Legg merke til at på grunn av possisjonen laga har i biletet, ser det ut som dei har ei anna rekkefølgje på biletet enn i lagstakken. Det gule laget er topplaget på biletet, men det andre laget i lagstabelen.
Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom
Ingen: Ingen endringar i noe retning.
Samla: Dei synlege laga blir innretta slik det er bestemt i Horisontal basis og Vertikal basis. Dersom du set Horisontal basis til Høgre kant, kan du rissikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan hente dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, blir laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.
Figur 14.122. Horisontal “Samla” innretting (etter kanten av lerretet)
Originalbiletet med lagstabelen
Laga er flytta slik at den venstre kanten er innretta etter den venstre kanten på lerretet.
Figur 14.123. Horisontal “Samla” innretting (etter botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Laga er flytt horisontalt slik at den venstre kanten fluktar med den venstre kanten til botnlaget.
: Fyll (frå venstre til høgre); Fyll (frå topp til botn): Dei synlege laga blir innretta etter lerretet ut frå kva kant som er sett i Horisontal basis eller Vertikal basis. Laga blir justert slik at dei ikkje overlappar kvarandre. Topplaget i lagstabelen blir lagt lengst til venstre, eller høgst oppe, i biletet. Botnlaget blir lagt lengst til høgre eller nederst i biletet. Dei andre laga blir fordelte jamnt mellom desse. Dersom det er avmerka for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vil laga bli innretta på tilsvarande måte etter botnlaget.
Figur 14.124. Horisontal “Fyll” innretting (lerret)
Originalbiletet med lagstabelen
Horisontal fylling, venstre til høgre, utan avmerking for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis. Topplaget i lagstabelen, det grøne, er sett heilt til venstre. Botnlaget i lagstabelen, det raude, er sett heilt til høgre. Det gule laget er sett mellom desse to.
Figur 14.125. Horisontal “Fyll” innretting (botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Dei same parametra som i det førre eksemplet, men med det nedre, blå, laget som basis.
Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.
Figur 14.126. Vertikal “Fyll” innretting (botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Vertikal “Fyll” innretting, botn til topp. Botnlaget som basis
Det må vere minst tre synlege lag i biletet for å kunne bruke “Fyll”-innstillingane.