I GIMP er eit mønsterelement eit lite bilete som blir brukt for å fylle ut område ved at kopiar av biletet blir lagt side om side. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne mønsterelement, i avsnittet mønsterelement.
Mønsterelementa blir brukte med verktøya fyll og klone og i kommandoen fyll med mønsterelement.
Du veljer mønsterelement ved å gå inn på dialogen for mønsterelementa og klikke på det elementet du ønskjer. Det valde mønsteret blir vist i verktøykassa i området Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar. Det følgjer med eit nokså tilfeldig utval av mønsterelement når du installerer GIMP, men det er heldigvis lett å lage nye.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
frå menyen i verktøykassa:
→ →frå menyen i verktøykassa:
→ → → Dette valet opnar eit vindauge som inneheld tre dialogar der den ein av dei er dialogen for mønsterelement.frå verktøykassa ved å klikka på ruta med mønsterelement.
frå biletmenyen:
→frå ein annan dialogmeny:
→I innstillingane for kloneverktøyet og fyllverktøyet kjem det fram eit liknande dialogvindauge når du trykker på miniatyren som viser mønsterelementet. Her kan du velje mønsterelement frå ei liste. Du kan få fram den fullstendige mønsterdialogen ved å trykke på fyllsymbolet nedst til høgre i dialogvindauget. Avhengig av brukarinnstillingane du har gjort, vil eit mønsterelement vald med oppsprettmenyen bare gjelde for det aktive verktøyet, ikkje for dei andre teikneverktøya. Sjå meir om dette i Seksjon 1.6, “ Verktøyinnstillingane ”.
I fanemenyen har du valet mellom
og . I tabellmodus blir mønstra viste i ein todimensjonal tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire mønsterelement samstundes, er det lett å velje det du har bruk for. I listemodus blir mønsterelementa sett opp i ei liste som også viser namnet på mønsterelementa.Tips | |
---|---|
I dialogvindauget blir alle mønsterelementa viste i same storleik. Dersom mønsterelementet er større enn denne ramma, vil bare ein del av elementet bli vist. Dette gjeld både i listemodus og i tabellmodus. Ønskjer du å sjå elementet i full målestokk, klikkar du på det og held nede museknappen ei lita stund. |
Notat | |
---|---|
I fanemenyen kan du finne kommandoen Storleik på førehandsvisinga som gir deg høve til å velje mellom ulike visingsformat. |
Øvst i dialogvindauget finn du namnet på det aktive mønsterelementet og storleiken målt i pikslar.
I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege mønsterelement med det aktive elementet utheva. Klikkar du på eit av dei andre elementa, blir dette det aktive, noe som blir vist ved at det dukkar opp i verktøykassa.
I denne visinga blir mønsterelementa viste som ei liste saman med namn og format på kvart element. Også her kan du klikke på eit element for å gjere det til det aktive.
Dersom du dobbelklikker på eit mønsternamn, får du høve til å skrive inn eit nytt namn. Dette er likevel avgrensa til å gjelde mønster du sjølv har laga eller lagt inn. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noe med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykker Enter, vil det gamle namnet vere det einaste som er i bruk.
Alt i listemodus verkar elles slik det gjer det i tabellmodus.
Trykker du på denne knappen, vil mønsterelementet bli fjerna
både frå dialogen og frå den personlege
patterns
-mappa di. Du kan ikkje fjerne
mønsterelement som blei installerte saman med
GIMP eller er installerte i systemmappa
patterns
.
Dersom du har lagt inn nye mønsterelement i GIMP kan du trykke på denne knappen for å oppdatere dialogen. Dette er enklare enn å starte GIMP på nytt.
Dersom du har lagt inn penslar i
brushes
-mappa på andre måtar enn
med penselbehandlaren, kan du gjere desse synlege i dialogen
ved å trykke på denne knappen.
Denne funksjonen blei innført med GIMP-2.4. Når du bruker kopierkommandoen, blir det lagt inn ein kopi av biletmønsteret i øvre, venstre hjørne i dialogvindauget. Denne blir ståande til du bruker kopierkommandoen igjen. Biletet forsvinn når du lukker GIMP.
Notat | |
---|---|
Mønsteret kan lagrast med kommandoen → → når det er synleg i dialogvindauget. |