2.2. Kanaldialogen

Figur 14.7. Kanaldialogen

Kanaldialogen

Kanaldialogen er hovudinngangen for å redigere, gjere endringar i og anna arbeid med kanalar. Kanalane blir brukte på to måtar. Det er difor dialogen er delt i to. Den første delen er for fargekanalar og den andre for utvalsmasker.

Fargekanalane: Desse høyrer til heile biletet og ikkje til eit bestemt lag. I utgangspunktet er det nødvendig med tre primærfargar for å lage alle dei naturlege fargane. Som andre digitale biletprogram, bruker også GIMP raud, grøn og blå som primærfargane. Primærkanalane viser pikselverdiane for Raud, Grøn og Blå som ein miniatyr av kanalen. Kvit syner område med 100 % og svart område med 0 % dekninga av primærfargen. Dersom biletet er i gråskala, er det bare ein valfri kanal, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen viser gjennomsikt for kvar piksel i biletet i form av gråtoner. Framføre denne kanalen er det ein miniatyr som viser gjennomsikt som gråtoner. Kvit representerer ein ugjennomsiktig og altså synleg piksel, medan svart representerer ein gjennomsiktig, og altså usynleg piksel. Har du laga biletet utan gjennomsikt, altså utan alfakanal, vil denne sjølvsagt heller ikkje bli vist i dialogen. Skulle du ha ønskje om å legge til ein alfakanal seinare, kan dette gjerast frå menyen for Lagdialogen. Dersom du har meir enn eitt lag i biletet, vil GIMP opprette ein alfakanal automatisk.

[Notat] Notat

GIMP har ikkje støtte for fargemodellane CMYK og YUV

Figur 14.8. Biletkomposisjon med kanalar

Biletkomposisjon med kanalar

Raudkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Grønkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Blåkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Alfakanal

Biletkomposisjon med kanalar

Resultatbiletet


Biletet heilt til høgre er sett saman av dei fire kanalane, raud, grøn, blå og alfa. Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsiktige område. Sidan kvit farge i den brukte fargemodellen er sett saman av alle primærfagane, vil kvit vere kvitfarga (100 %) i alle kanalane. Svart er mangel på farge, og vil difor visast som svart (0 %) i alle kanalane. Den raude hatten er synleg i raudkanalen, men ikkje i dei andre. Dette gjeld for alle reine grøne eller blå fargar også. Dei er bare synlege i respektive kanalar.

2.2.1. Aktivering av dialogen

Kanaldialogen kan hentast fram på mange måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarKanalar

  • frå biletmenyen: DialogarKanalar

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneKanalar

2.2.2. Å bruke kanaldialogen

2.2.2.1. Oversyn

Den øvre delen av dialogvindauget inneheld fargekanalane og eventuelt alfakanalen. Dei er alltid sett opp på same måten og kan ikkje fjernast. Under desse finn du eventuelle utvalsmasker. Kvar kanal blir vist i lista som ein miniatyr. Du kan høgreklikka på denne miniatyren for å få fram kanalmenyen.

2.2.2.2. Kanaleigenskapane

I tillegg til miniatyren, blir det også vist ein del andre eigenskapar for kvar kanal. Den viktigaste er kanalnamnet. Du kan redigera utvalsmasker, i praksis bare forandra namnet på kanalen, ved å dobbeltklikka på namnet. Dobbelklikkar du på miniatyren vil du derimot få opp eit dialogvindauge der du i tillegg kan bestemma dekkevna for kanalen. Framføre miniatyren finn du eit bilete av eit auge: . Ved å klikka på dette ikonet, kan du bestemma om kanalen skal vere synleg eller ikkje. Gjer du t.d. blåkanalen usynleg, vil alt som er kvitt i bilete bli gult. Dette fordi gul er koplimentærfargen til blå. Gjer du alfakanalen usynleg, vil alt i biletet bli gjennomsiktig og det einaste du ser er sjakkbrettmønsteret. (Du kan forandre mønsteret som viser gjennomsikt i menyen for innstillingar). Mellom auget og miniatyren finn du eit ikon som viser ei lenke: . Du gjer lenka synleg eller usynleg ved å klikka på symbolet. Alle kanalane som har synleg lenke, er grupperte saman slik at du kan arbeida på alle samstundes.

[Obs] Obs

Aktive kanalar blir markerte i dialogen med ein eller annan farge, ofte blå eller grøn. Klikkar du på kanalen, kan du slå aktiveringa av eller på. Dersom du slår av ein av fargekanalane, kan dette få uventa konsekvensar. Dersom du t.d. slår av blåkanalen, vil alle pikslane som blir teikna på biletet mangla blåfarge. Ein kvit piksel vil såleis bli gul, som er komplimentærfargen til blå.

2.2.2.3. Handtering av kanalane

Under kanallista finn du eit sett med knappar som kan brukast til ulike operasjonar på lista.

Rediger kanaleigenskapane

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å gi kanalen eit nytt kanalnamn. Dei to andre kontrollane påverkar korleis kanalen blir vist i vindauget. Den eine er Dekkevne og den andre opnar fargeveljaren slik at du kan endra maskefargen.

Ny kanal

blir brukt for å oppretta ein ny kanal å lagra eit utval i. Du kan bruke visingsdialogen ovanfor for å endre Dekkevne og farge som blir brukt i biletet for å vise utvalet.

Denne kommandoen oppretter ein ny kanal. Du kan bruke den viste dialogen for å setje dekkevne og maskefarge som blir brukt i biletet for å vise utvalet. Dersom du bruker knappen Ny kanal frå kanalmenyen, kan du bruke tidlegare sette innstillingar ved å halde nede Shift-tasten medan du klikkar. Den nye kanalen er ei kanalmaske (ei utvalsmaske) som blir lagt over biletet. Sjå utvalsmasker

Løft kanalen

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å løfta kanalen eitt hakk oppover, eller til topps om du held nede Shift-tasten samstundes.

Senk kanalen

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å senke kanalen eitt hakk nedover, eller til botnen om du held nede Shift-tasten samstundes.

Kopier kanalen

blir brukt for å lage ein kopi av kanalen. Kopien får same namnet som originalen med “Kopi av” framføre.

[Tips] Tips

Du kan også kopiere ein fargekanal eller alfakanalen. Denne kopien kan du så bruke som eit utval i biletet.

Kanal til utval

blir brukt til å omforma kanalen til eit utval. Normalt vil det nye utvalet erstatta det eksisterande, men dette kan du forandra på ved hjelp av kontrolltastane.

  • Shift: Gjer at det nye utvalet blir lagt til det eksisterande. Resultatet blir ei samanfletting av begge utvala.

  • Ctrl: Gjer at det nye utvalet blir trekt frå det eksisterande.

  • Shift+Ctrl: Det nye utvalet blir eit snitt av begge utvala. Bare det som er felles i begge blir tatt med.

Slett kanal

Fjernar kanalen frå lista. Denne er bare tilgjengeleg for utvalsmasker.

2.2.2.4. Kanalmenyen

Figur 14.9. Kanalmenyen

Kanalmenyen

Oversyn

Du kan få fram denne menyen ved å høgreklikka i kanaldialogen. Denne menyen gir deg stort sett dei same vala som er tilgjengelege frå knappane i dialogvindauget. Einaste er at kvar av dei ulike måtane for omformingane til utval har si eige oppføring i menyen.

  • Rediger kanaleigenskapane, Ny kanal, Løft kanal, Senk kanal, Kopier kanal, Slett kanal: sjå Kanalinnstillingane.

  • Kanal til utval: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som erstattar eventuelle andre utval i biletet.

  • Legg til i utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som blir lagt til eventuelle eksisterande utval i biletet.

  • Trekk frå utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som blir trekt i frå eventuelle eksisterande utval i biletet.

  • Snitt med utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som lager eit snitt med eventuelle eksisterande utval i biletet. Bare det som er felles for utvala blir igjen.

2.2.3. Utvalsmasker

Figur 14.10. Eit utval laga av kanalar

Eit utval laga av kanalar

Du kan bruke kanalar for å lagre og henta fram igjen utval. Når du klikkar på knappen Snarmaske i biletvindauget, blir det automatisk oppretta ein ny kanal med namnet Snarmaske. Denne blir vist i kanaldialogen som ein miniatyr framføre kanalen. GIMP har mange utvalsverktøy som kan brukast for å lage ulike former for utval.

Utvalsmaskene blir brukte for å bestemma kor mykje utvalet skal vere utvald. Kanskje ei merkeleg formulering, men det betyr kort og godt at alle område av maska som er kvite blir fullstendig utvalde. Svarte område er område som ikkje er utvalde i det heile, og grå område er meir eller mindre utvalde. Du kan altså bruke ulike grader av grått for å lage mjuke overgangar mellom utvald og ikkje utvald. Dette kan vere til hjelp for å unngå merkverdige effektar når du fyller eit utval eller når du viskar ut innhaldet etter å ha isolert eit objekt frå bakgrunnen.

Å opprette utvalsmasker

Det er fleire måtar å opprette ei utvalsmaske på. Dersom det er eit aktiv utval i biletet, kan du anten bruke VelLagre til kanal i biletmenyen eller knappen Snarmaske nedst i biletvindauget. Dersom biletet er utan aktivt utval, kan du gå inn på kanaldialogen og trykke på knappen merka Ny kanal eller kopiere ein eksisterande kanal med knappen Kopier kanal. Dersom namnet på den nye kanalen ikkje passar, kan du bruke menyen som dukkar opp når du høgreklikkar på kanalen i kanaldialogen for å skrive inn eit nytt namn.

2.2.3.1. Å bruke utvalsmasker

Når kanalen er oppretta og markert i kanaldialogen (med uthevingsfarge), er synleg (vist med augeikonet) og blir vist slik du ønskjer det ut frå eigenskapane du har sett i dialogvindauget, kan du endeleg byrja å arbeida på kanalen med teikneverktøya. Du bør bruke gråtoner og kvit eller svart. Bruker du andre fargar, vil fargeverdien bli brukt for å definera ein gråverdi. Dette blir ikkje alltid slik du trur det skal bli. Når maska er ferdig, kan du omforma ho til eit utval med knappen Kanal til utval i kanaldialogen.

Du kan arbeide på utvalsmaska med andre verktøy enn teikneverktøya. For eksempel kan du bruke utvalsverktøya for å fylle eit område av maska med fargeovergangar eller mønsterelement. Det er såleis mogleg å komponera svært komplekse utval ved å kombinera ulike utvalsmasker.

Utvalsmaskene er like viktige for utvala som biletlaga er for biletet.

[Obs] Obs

Så lenge utvalsmaska er aktiv, arbeider du på denne og ikkje på biletet. Skal du arbeide på biletet, må du deaktivere alle utvalsmaskene. Gløym heller ikkje å skjule maskene ved å klikke på augeikonet. Det er også ein god ide å kontrollera at alle RGB- og alfakanalane er aktiverte og blir viste i biletet.

2.2.4. Snarmaske

Figur 14.11. Dialogen for Snarmaske

Dialogen for Snarmaske

Ei Snarmaske er ei utvalsmaske tenkt brukt temporært for å teikne på eit utval. Med temporært meiner ein her at, ulikt vanlege utvalsmasker, blir snarmaska ikkje lagra i lista etter at ho er omforma til eit utval. Når du arbeider med svært komplekse bilete, kan det hende at utvalsverktøya møter grensene sine. I slike høve er snarmaska god å ty til, ofte med svært godt resultat.

2.2.4.1. Aktivering
  • Du kan aktivere snarmaska frå biletmenyen via MarkérSlå av/på snarmaske

  • eller enklare ved å klikke på den vesle knappen nede i venstre hjørne av biletvindauget, som vist på skjermdumpen.

  • Du kan også bruke snartastane Shift+Q.

2.2.4.2. Å lage ei snarmaske

Den enklaste måten å setje startverdiane for Snarmaske, er å klikke på den vesle knappen nede i venstre hjørne av biletvindauget. Dersom du har eit aktivt utval i biletet, vil denne vere uendra, men alt som ikkje er utvald blir dekka av ei gjennomsiktig, raud maske. Dersom det ikkje er eit utval i biletet, blir heile biletet dekka. Du kan skjule maska ved å klikke på augeikonet framføre Snarmaske i kanaldialogen. Du kan også redigere kanaleigenskapane ved å dobbeltklikke på miniatyren i kanaldialogen. Då kan du forandra dekkevne og farge for maska. Før du teiknar på snarmaska, bør du forsikra deg om at ho er aktiv. Sjå etter i kanaldialogen at ho er markert med blå, eller i noen system grøn, farge og klikk på maska dersom ho ikkje er markert. Du kan teikne på maska med alle teikneverktøya. Sidan maska blir koda i gråtoner, er det like greitt å bruke kvit eller grå farge for å utvida maska og svart for å avgrense henne. Områda som er teikna med lyse eller mørke gråtoner vil vere meir eller mindre markerte, omlag som når du bruker mjuke kantar. Når maska er ferdig, klikk ein gong til på knappen i nedre, venstre hjørne av biletvindauget for å fjerne maska frå lista og omforme ho til eit utval. Føremålet med snarmaska er å lettvindt kunne teikne eit utval med ulike grader av utveljing utan å bry seg om styret med å bruke utvalsmasker. Snarmaska er ein god måte å isolere eit område av biletet på. Når du først har laga utvalet, kan du enkelt forandra innhaldet i og utsjånaden til maska og såleis maskera bort deler av biletet.

2.2.4.3. Å bruke snarmasker

Beskriving

  1. Skjermdump av biletvindauget med aktivert snarmaske. Snarmaska er fylt med ein fargeovergang frå svart (venstre) til kvit (høgre).

  2. Snarmaska er nå kopla ifrå og det er blitt laga eit utval frå den snarmaska som var fylt med fargeovergangen. Du kan sjå skiljet mellom meir og mindre enn 50 % dekkevne for utvalet midt i biletet.

  3. Her er det teikna ein einsfarga sikk-sakk-strek på utvalet. Du kan sjå at på høgresida er fargen fullt synleg for så å bli mindre og mindre synleg mot venstresida.

Etter at du har trykt på knappen for snarmaske blir det laga ein mellombels 8-bits (0 - 255) kanal der fargeovergangen blir lagra. Dersom det finst eit utval i biletet når maska blir laga, vil maska hente data frå dette utvalet. Når snarmaska blir aktivert, vil dei områda som ikkje er utvalde bli markerte med ei raud, halvgjennomsiktig hinne. Du kan bruke alle teikneverktøya for å lage utval på snarmaska. Sidan snarmaska bare blir påverka av gråtoner, er det enklast å teikne med ulike gråtoner for å lage ulike grader av utveljing. Bruk kvit farge der du kan kome til å legge inn andre grader av utveljing seinare. Utvalet blir gjeldande så snart du slår av snarmaska, men den mellombels kanalen forsvinn for alltid.

[Tips] Tips

Dersom du ønskjer å lagra utvalet, kan du bruke VelLagra til kanal i biletmenyen.

2.2.4.4. Bruk
  1. Opna eit bilete, eller lag eit Nytt.

  2. Aktiver snarmaska ved å trykke på knappen i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vil maska bli laga med data frå denne.

  3. Vel eit teikneverktøy og bruk dette med gråskalafarger på snarmaska.

  4. Deaktiver snarmaska med knappen i biletvindauget.