Flytteverktøyet blir brukt til å flytte lag, utval, hjelpelinjer og tekst.
Tips | |
---|---|
Sjå meir om hjelpelinjer i ordlista. Skal du arbeida svært nøyaktig, kan du i tillegg bruke måleverktøyet. |
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
ved å gå inn i biletmenyen på
,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller ved å trykke tasten M.
Flytteverktøyet blir også aktivert automatisk når du lagar ei hjelpelinje.
Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykke på, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på, verktøyikonet i verktøykassa
Hugs på at innstillingane du gjer også er gyldige neste gong du opnar eitt av verktøya som bruker desse vala.
Her bestemmer du kva for modus som skal vere standard og kva for modus som skal aktiverast med Shift-tasten.
Dersom Flytt er sett til lag:
Vel eit lag eller ei hjelpelinje: Dersom biletet inneheld mange lag, vil musemarkøren skifte til eit kors når han kjem over eit element som høyrer til det aktive laget. Då kan du klikke-og-dra elementet. Når markøren har form av ei hand, kan du flytte eit ikkje aktivt lag ved å klikke-og-dra eit synleg element i laget. Så lenge flyttinga varer vil dette vere det aktive laget. Dersom markøren kjem over eller nær ei hjelpelinje, vil hjelpelinja skifte til raudt for å merkere at ho er aktivert og kan flyttast.
Flytt dette laget: Bare det aktive laget blir flytta.
Dersom Flytt er sett til bane:
Vel ein bane: Dersom det er fleire lag i biletet, og noen av dei inneheld banar, vil alle banane bli viste i banedialogen. Ein av banane vil vere den aktive banen. Når musemarkøren er over ein bane vil markøren få form av ei hand. Du kan då flytte denne banen ved å klikke-og-dra. Den aktuelle banen vil vere den aktive banen så lenge du flyttar på han.
Flytt denne banen: Bare den aktive banen kan flyttast på. Du kan endre aktiv bane i banedialogen.
Flytteverktøyet kan bare flytte omrisset av utvalet. Dersom flyttemodus er sett til “Lag”, må du halde nede tastane Ctrl+Alt samstundes. Dersom flyttemodus er sett til utval, kan du klikke og dra eitkvart punkt i biletet for å flytte omrisset av utvalet.
Sjå Seksjon 2.1, “ Å flytte eit utval ” for fleire bruksområde for flytteverktøyet
Når flyttemodus er sett til “lag”, kan du velje mellom å Flytte det aktive laget og, dersom du har fleire lag, Vel eit lag eller hjelpelinje.
Flytteverktøyet blir aktivert automatisk når du hentar ei hjelpelinje frå linjalen. Dersom du i mellomtida bruker eit anna verktøy, må du aktivere flytteverktøyet igjen for å flytte hjelpelinja. Når flytteverktøyet treff ei hjelpelinje, skifter ho til raudt og du kan klikke og dra for å flytte henne.
Banane bruker sin eigen flyttefunksjon, sjå Seksjon 6.1, “ Baneverktøyet ”, men du kan også bruke flytteverktøyet dersom flyttemodus er sett til “bane”. Den flytta banen blir usynleg til du har gjort han synleg igjen frå banedialogen. Du kan velje kva bane som skal flyttast eller å flytte den aktive banen.
Alle tekstane har sitt eige lag og kan flyttast som eit lag. Sjå Seksjon 6.5, “Tekst”. Det einaste du bør hugse på, er at tekstlaga er gjennomsiktige slik at du må klikke på teksten for å kunne flytte han.