Innfagingsverktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om eit svart/kvitt-bilete sett gjennom farga glas. Biletet blir først omforma til gråtoner som deretter blir gjort om til sjatteringar i ønskt farge. Du kan for eksempel bruke dette til å lage ein «sefiaeffekt» i biletet. Innstillingane følgjer HSV-fargemodellen
Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:
I biletmenyen via
→ → eller → ,eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 1.7, “Verktøykassa”).
Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen
() og hente dei tilbake ved å velje iTrykk på symbolet for å opna denne menyen:
som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:
Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje kuløren frå HSV-fargesirkelen (0 - 360). Normalinnstillinga er sett til 180.
Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje metning på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 50.
Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje lysverdi på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 0.
Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.