2.2. Biletvindauget

Grensesnittet for GIMP er nå tilgjengeleg i to modus: multivindauge-modus (normalinnstillinga) og enkeltvindauge-modus. Det siste kan veljast frå menyvalet VindaugeEnkelvindauge-modus. Avslutter du GIMP i enkeltvindauge-modus, vil dette bli vald neste gong du opnar GIMP.

I enkeltvindauge-modus blir det ikkje lagt til vindauge. Bilete og dialogar blir lagt til i faner. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.

Når du opnar GIMP utan eit ope bilete, ser biletvindauget ut til å vere borte i enkeltvindauge-modus. I multivindauge-modus er biletvindauget synleg, sjølv om det ikkje er noko bilete der.

Vi vil byrje med ei gjennomgåing av dei komponentane som er brukte i normalinnstillinga for eit vanleg biletvindauge. Nokre av desse komponentane kan fjernast ved å bruke vala i menyen Vis.

Figur 3.5. Biletvindauget i multi-vindauge-modus

Biletvindauget i multi-vindauge-modus

Figur 3.6. Biletarealet i enkeltvindauge-modus

Biletarealet i enkeltvindauge-modus

[Notat] Notat

Sjølv om det i enkelvindauge-modus ikkje er eit eige biletvindauge, vil vi likevel bruke nemninga «biletvindauget» om det området bietet er i.

  1. Dersom det ikkje er opna noko bilete, vil tittellinja i biletvindauget vise «GNU biletbehandlingsprogram». Når vindauget inneheld eit bilete, vil biletnamnet og ein del spesifikasjonar vist i tittellinja. Kva for spesifikasjonar som blir viste i tittellinja er avhengig av innstillingane som er sette i brukarinnstillingane. Sidan tittellinja blir laga av operativsystemet og ikkje av GIMP, vil kva som kjem fram vere avhengig av samspelet mellom operativsystemet, vindaugehandteraren og/eller theme — i Linuxsystem. Tittellinja kan også ha ein knapp for å vise biletvindauget på alle datamaskinene dine. Denne knappen kan også finnast på verktøyvindauget og lagvindauget.

    Dersom du har opna eit bilete i eit anna format enn xcf er dette biletet likevel eigentleg «importert» som ei xcf-fil. Originalnamnet blir vist i statuslinja i biletvindauget.

    Når eit bilete er endra, vil dette bli vist med ei stjerne (*) framføre tittelen.

  2. Biletmenyen. Like under tittellinja finn du biletmenyen (dersom du ikkje har vald å gjere han usynleg). Denne menyen gir deg tilgang til det meste du kan gjere med eit bilete. Du kan også få tilgang til biletmenyen ved å høgreklikka på biletet for å få opp lokalmenyen, [1] eller ved å venstreklikka på pilsymbolet i øvre, venstre hjørne dersom du finn dette enklare. Dette pilsymbolet blir kalla «menyknappen» og er omtalt nedanfor. Mange av menyfunksjonane kan også nåast frå tastaturet som snartastar ved, som oftast, å halde nede Alt-tasten og trykke den bokstaven som er understreka i menyen. Endeleg kan du også definera dine eigne snartastar dersom du opnar tastatursnarvegane i brukarinnstillingane.

  3. Menyknappen. Klikk på denne knappen for å få fram menyen som eige menyfelt. Er særleg aktuelt når du bruker fullskjerm modus. Du kan også få fram menyen når du treng han ved å trykke Shift+F10.

  4. Linjal: I normaloppsettet er det synlege linjalar over og til venstra for biletet. Dette for å vise koordinata til musepeikaren inne i biletet. Til vanleg viser linjalane biletpunkt (pikslar), men dette kan du endre. Sjå nedafor.

    Ein av dei viktige bruksmåtane for linjalane er å lage hjelpelinjer (også kalla «innrettingslinjer»). Klikkar du på ein linjal og dreg musepeikaren inn på biletet, vil det bli laga ei hjelpelinje på biletet. Slike hjelpelinjer er nyttige når du ønskjer å plassera noko nøyaktig. Hjelpelinjene kan flyttast ved å klikka på dei og dra dei til ny posisjon, eller du kan flytta dei heilt ut av biletet for å bli kvitt dei.

    I linjalområdet blir musepeikaren vist som to små pilspissar som peiker vassrett eller loddrett.

  5. Snarmaske av/på: Nede i venstre hjørne av biletvindauget finn du knappen for å veksle mellom snarmaske av eller på. Snarmaska blir brukt for å syne markerte område av eit bilete. Sjå Del 2.2.4, “Snarmaske” for nærare detaljar.

  6. Peikarkoordinat: Nede til venstre finn du koordinata for peikaren. I praksis er dette som oftast koordinata for musepeikaren dersom du bruker mus. Dersom peikaren kjem utanfor biletet, blir koordinata viste i grått. Måleeiningane er dei same som du har sett for linjalane.

  7. Måleeining: I normalsettinga blir det brukt pikslar (px) som måleeining på linjalane, men det kan av og til vere behov for andre måleeiningar. Du kan velje etter behov med denne menyen. (Merk at innstillingane i «Punkt for punkt» i Vis-menyen kan påverke måten biletet blir skalert på. Sjå Del 5.3, “Punkt for punkt” for nærare detaljar).

  8. Zoomknappen. Det finst mange måtar å forstørre eller forminske visninga av biletet på (zoome biletet), men denne knappen er oftast den enklaste. Du kan skrive inn forstørringsgraden i tekstbokse for meir nøyaktig kontroll med forstørringa.

  9. Statusområdet finn du nedst i biletvindauget. Normalt viser dette originalnamnet på bilet.xcf-fila og kor mykje minne biletet bruker. Du kan bruke RedigerBrukarinnstillingarBiletvindaugeTittel og status for å tilpassa kva informasjon som skal visast i statuslinja. Ved tidkrevande operasjonar viser statuslinja framgangen i operasjonen.

    [Notat] Notat

    Mengda av minne som biletet bruker er alltid mykje større enn filstorleiken. For eksempel vil eit 70 Kb .png-bilete bruke 246 Kb minneplass når det blir vist på skjermen. Dette kjem mellom anna av at ei .jpg-fil neste alltid er lagra i komprimert format medan biletet blir vist ukomprimert. Ei anna årsak er at GIMP lagar kopiar av biletet til bruk i angrekommandoen.

  10. Knappen Avbryt kan brukast til å bryte av tidkrevjande operasjonar. Denne knappen er ikkje alltid synleg.

    [Notat] Notat

    Nokre få programtillegg likar dårleg å verta avbrotne og demonsterar dette ved å øydeleggja biletet. Kanskje like greitt å la programmet gjere seg ferdig, og så bruke «angre» etterpå.

  11. Navigasjonskontroll. Denne knappen nede i høgre hjørnet gjer mest nytte for seg når du arbeider med store bilete eller store forstørringar. Klikkar du på denne, og held museknappen nede, vil du få fram ein miniatyr av det biletet du arbeider med. Dersom dette biletet er større enn skjermen, vil du også få fram ei ramme som viser det synlege utsnittet. Ved å flytte på ramma, kan du velje kva for eit biletutsnitt som skal synast i arbeidsvindauget. (Det finst også andre måtar å få fram navigasjonsvindauget på. Sjå Del 2.6, “Navigeringsdialogen”). Er maskinen din sett opp slik, kan du bruke den midtre museknappen eller musehjulet for å flytte deg rundt i biletet.

  12. Inaktiv ramme.Dette er det området som kjem fram mellom biletet og vindaugekanten når biletet er mindre enn biletvindauget. Du kan ikkje gjere noko direkte med dette området.

  13. Biletvisinga: Den viktigaste delen av biletvindauget er naturlegvis biletvisinga. Denne er plassert midt i vindauget, omgitt av ei prikkelinje som markerer yttergrensa for biletet. Resten av biletvindauget er nøytralt grått. Du kan endre storleiken på biletet på mange måtar, inklusive med zoom-knappen nemnd ovanfor.

  14. Biletet følgjer biletvindauget. Dersom dette valet ikkje er avkryssa, vil visinga av biletet vere uforandra sjølv om du forandrer vindaugestorleiken. Dersom du t.d. gjer biletvindauget større, vil du sjå meir av biletet. Er knappen trykt inn, vil biletet forandre storleik i høve til biletvindauget slik at omlag den same delen av biletet blir vist. Visinga av biletet blir forstørra eller forminska i same grad som vindauget.

[Tips] Tips

Dra og slepp eit bilete inn i verktøykassa frå ein filutforskar for å opne biletet i sitt eige biletvindauge, eller altså eigentleg si eige biletfane.

Når ei biletfil blir dradd og sleppt i lagdialogen, blir fila lagt til i biletet som eit nytt lag.

Biletstorleiken og storleiken på vindauget kan vere ulike. Du kan tilpassa biletet til vindauget, og omvendt, med snartastane



[1] Med Apple Macintosh og einknapps mus kan ein bruke Ctrl + museknappen i staden.