5.5. Lysstyrke-Kontrast

Dette verktøyet blir brukt for å justera lysstyrken og kontrasten i det aktive laget eller utvalet. Verktøyet er lett å bruka, men ikkje særleg avansert, og høver best i dei tilfelle du ønskjer ei rask justering av lysstyrke og kontrast. Treng du meir nøyaktige innstillingar av lysstyrke og kontrast, vil verktøya «nivå» og «kurver» vere meir effektive.

Frå og med GIMP 2.4 er det innført ei forenkling. Held du museknappen nede medan peikaren er innføre biletet, kan du dra markøren vertikalt for å endra lysstyrken og horisontalt for å endra kontrasten. Når du er nøgd med resultatet, kan du anten trykka på OK-knappen eller bruke Enter-tasten på tastaturet.

5.5.1. Aktivering

Du kan få fram dette verktøyet på to måtar :

  • I biletmenyen via Verktøy Fargeverktøy

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå meir om dette under Del 1.7, “Verktøykassa”).

5.5.2. Innstillingar

Figur 14.151. Dialogvindauget for «Lysstyrke - kontrast»

Dialogvindauget for «Lysstyrke - kontrast»

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 14.152. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 14.153. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor lyst eller mørkt biletet skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor stor eller liten kontrast det skal vere i biletet.

Rediger desse innstillingane som nivå

For å gjere arbeidet lettare for deg, kan du trykke denne knappen for å gå til Del 5.7, “Nivå” med dei same innstillingane.

Førehandsvising

The Preview checkbox enables the rendering of all changes to the brightness and contrast on the canvas for immediate evaluation.