5.6. Terskel

Dette verktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet til eit svart/kvit-bilete ved at alle pikslane innføre det valde terskelområdet blir kvite og alle utanfor området blir svarte.

Verktøyet blir helst brukt til å forbetra bilete i rein svart/kvit, for eksempel skanna tekst, eller for å lage utvalsmasker.

[Notat] Notat

Sidan dette verktøyet lager eit verkeleg svart/kvit-bilete, vil alle former for kantutjamning forsvinna. Dersom dette er eit problem, bruk heller nivåverktøyet.

5.6.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • Du får tilgang til dette verktøyet frå biletmenyen via Verktøy Fargeverktøy Terskel ,

  • eller via Fargar Terskel ,

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 1.7, “Verktøykassa”).

5.6.2. Innstillingar

Figur 14.154. Innstillingane for verktøyet «terskel»

Innstillingane for verktøyet «terskel»

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 14.155. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 14.156. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Terskelområdet

Dialogen inneheld eit histogram som viser fordelinga av intensitetsverdiane i det aktive laget eller det aktive utvalet. Du kan setje terskelområdet anten ved å bruke innskrivingsboksane, ved å flytte på dei små trekantane eller ved å dra musepeikaren over diagrammet medan du held nede museknappen. På denne måten kan du velje ut deler av biletet. Pikslar som fell innføre terskelområdet blir sett til kvit, dei andre til svart. Ved å prøve deg fram, kan du gjere utvalde deler av biletet kvitt med svart bakgrunn.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK .

5.6.3. Å lage ei utvalsmaske ved hjelp av terskel og snarmaske

I dei tilfella der eit element i biletet skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen, kan det ofte vere praktisk å bruke terskelverktøyet for å velje ut dette elementet. I [GROKKING01] blir det vist ein metode basert på kanalmaske, men metoden som er forklart nedanfor, basert på snarmaska er enklare.

  1. Det første du gjer er å separere biletet i dei einskilde RGB- eller HSV-komponentane. Du vil då få fram eit gråskalabilete der dei ulike komponentane blir viste som lag i lagdialogen. Plukk ut det laget som best isolerer objektet. Dersom det er vanskeleg å sjå dette på miniatyrane i lagdialogen, kan du leike litt med «augesymbola» i lagmaska og studere kvart lag for seg i biletvindauget.

    Figur 14.157. Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen

    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen
    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen
    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen

  2. Hent fram terskelverktøyet frå det separerte biletet. Flytt rundt på markørane (dei små trekantane) og finn det området som best isolerer objektet du vil trekke ut av biletet. Resultatet blir kanskje ikkje perfekt, men vi skal forbetra det seinare ved hjelp av ei utvalsmaske.

    [Åtvaring] Åtvaring

    Ver sikker på at du har aktivert det rette laget når du kaller opp terskelverktøyet. Du kan ikkje bytte biletlag etter at verktøyet er opna.

    Figur 14.158. Det valde laget etter bruk av terskelverktøyet

    Det valde laget etter bruk av terskelverktøyet

    Vi fekk eit ganske bra bilete av blomsten vår, i tilleg også ein del område som vi ikkje vil ha med i maska. (Raude område på originalbiletet).


  3. Forsikra deg om at det rette biletvindauget og det rette laget er aktivt og kopier laget til utklippstavla med snartastane Ctrl + C.

  4. Aktiver originalbiletet. Klikk på knappen Snarmaske i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Biletet blir dekka av ei raud, gjennomsiktig maske. Sidan biletet vårt inneheld mykje raudt, passar denne maskefargen heller dårleg. Gå til kanaldialogen og aktiver kanalen for «snarmaska». Dobbeltklikk på miniatyren, eller høgreklikk og vel Rediger kanaleigenskapane frå menyen som dukkar opp. I dialogvindauget som kjem fram, klikkar du på fargeruta og vel høveleg farge. Gå tilbake til originalbiletet og trykk Ctrl + V for å lime det tidlegare kopierte laget inn i biletet.

    Figur 14.159. Maska

    Maska

  5. Voilà. Utvalsmaska er klar til bruk, eller du kan forbetra ho litegrann med vanlege metodar om du ikkje er heilt nøgd. Når alt er klart, koplar du frå snarmaska ved å trykke på snarmaskeknappen. Det nye utvalet blir vist av dei flittige «marsjerande maura».

    Figur 14.160. Resultatet

    Resultatet
    Resultatet

    Vi forstørra biletet for å kunne arbeide på pikselnivå og brukte lassoen for å fjerna større uønska område. Vidare brukte vi blyanten (for å få harde overgangar) og teikna med svart på område som skulle fjernast og kvitt på område som skulle leggast til. Dette var særleg aktuelt på stilken.