2.3. Råd og vink

Ein vanleg feil når du arbeider med Script-Fu er å tru at det er noko gale med skriptet fordi du ikkje ser nokre forandringar i biletet etter å ha trykt på «OK»-knappen. Den mest sannsynlege forklaringa er at det ikkje er noko gale med skriptet.

Ein enkel måte å sjå om skriptet har gjort noko, er å sjå på menyen Rediger, Angra. Viss skriptet har gjort endringar i biletet, vert dette vist som den siste handlinga du kan angra.