2.4. Ulike typar av Script-Fu

Det er to utgåver av Script-Fu-programma:

Sjølvstendige Script-Fu

Desse skripta krev ikkje at det finst eit bilete. Dei lagar til vanleg eit bilete sjølv. Tidlegare var det fleire skript som vart levert med GIMP som høyrde til denne kategorien. Alle resultata såg utdaterte ut samanlikna med dagens standardar, og dei var ikkje godt halde ved like. Dette er grunnen til at dei ikkje vert installerte etter GIMP 2.10.

Viss du ønskjer å bruka desse skripta, så er dei framleis tilgjengelege som separate nedlastingar som du må installera sjølv. Du finn desse og andre ressursar her.

Biletavhengige Script-Fu

Dei fleste skripta og programtillegga er logisk kategoriserte og lagt til menyen som liknar mest på funksjonen dei har. Dei fleste skripta vert viste i menyen Filter, men mange kjem opp i menyen Fargar.

Nokre skript med spesifikke funksjonar vert viste i andre menyar, f.eks skriptet Ny pensel (script-fu-paste-as-brush) er integrert i Rediger-menyen (Rediger Lim inn somLim inn som ny pensel...), noko som er meir logisk.

[Notat] Notat

Nokre eldre skript som ikkje er oppdaterte kan framleis verta viste i den dedikerte toppnivåmenyen Script-Fu.