2. Å bruke Script-Fu

2.1. Script-Fu?

Script-Fu-skript liknar svært mykje på veldig kraftige «makroar» som du kanskje kjenner frå andre program. Script-Fu er basert på programmeringsspråket «Scheme» og arbeider ved å nytta funksjonar som samhandlar GIMP sine interne funksjonar. Du kan gjera alt mogleg med Script-Fu, men ein vanleg GIMP-brukar vil truleg helst bruka det til å automatisere ting som:

  • Du ønskjer å gjera ofte.

  • Er kompliserte å gjera og vanskelege å hugsa.

Hugs at du kan gjera svært mykje med Skrift-Fu. Skripta som følgjer med GIMP er nyttige på fleire måtar. Ikkje berre kan dei nyttast direkte slik dei er tenkt, men du kan også bruka dei som mønster for å læra Script-Fu, eller i det minste som grunnlag og kjelde for eigenproduserte skript. Les vidare om dette i neste kapittel viss du vil skriva dine eigne skript.

I dette kapitlet skal vi sjå på nokre av dei mest nyttige skripta, men det er alt for mange skript til at vi kan nå over alle. Enkelte av skripta er i tillegg så enkle at du ikkje treng noko oppskrift på bruken av dei.