2.9. Save As…

The Save As command displays the «Save Image» dialog. The Save as dialog allows you to save your XCF image with another name and/or to another folder. For other image file formats you should use the Export As… command.

2.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilLagra som…,

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + S.

2.9.2. Dialogvindauget for «Lagra biletet»

Figur 16.8. Dialogvindauget for «Lagra biletet»

Dialogvindauget for «Lagra biletet»

  1. Det venstre panelet er delt i tre delar. Dei to øvre delane viser hovudmappene og lagringsmedia. Denne delen av lista er maskinavhengig og kan ikkje endrast av brukaren. Den nedre lista viser bokmerka dine. Du kan leggja til eller fjerna desse. For å leggja til eit bokmerke, vel du ei mappe eller ei fil i det midtre panelet og klikkar på Legg til-knappen nede til venstre. Du kan også bruka Legg til i bokmerka i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget. Eit bokmerke kan fjernast ved å markera det og deretter klikka på Fjern-knappen.

  2. Det midtre panelet viser filene og eventuelle mapper i den opne katalogen. Du kan byta mappe ved å dobbeltklikka med venstre museknappen på mappene eller velja ei fil ved å (enkelt)klikka på henne. Dersom du dobbeltklikkar på fila, vert ho lagra direkte. Den vanlege måten er å markera fila og deretter trykkja på knappen Lagra.

    Du kan også høgreklikke i midtpanelet for å få fram kommandoen Vis gøymte filer.

  3. Det valde biletet vert vist i vindauget Førehandsvis. Nedføre førehandsvisinga vert det også vist opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.

    Dersom biletet er endra av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatera visinga.

  4. Skriv namnet på den nye biletfila her.

    [Notat] Notat

    Dersom fila er lagra frå før, føreslår GIMP det same filnamnet. Trykker du på Lagra vert den lagra fila overskrive av den nye.

  5. Stien for den gjeldande mappa vert vist over det midtre panelet. Du kan navigere langs denne stien ved å klikke på knappane.

  6. Dersom du ønskjer å laga ei ny mappe, er det berre å trykkja på knappen Opprett mappe og følgja instruksjonane.

  7. I Vel filtype kan du velje eit komprimert format for XCF-fila di.