14.11. Bayer-matrise

14.11.1. Oversyn

Figur 17.348. Eksempel på bruk av filteret «Bayermatrise»

Eksempel på bruk av filteret «Bayermatrise»

Filteret «Bayer Matrix» brukt med skala X, Y = 20


Eit storslege namn for eit enkelt filter. Bayer-matrise er relatert til ordna utjamning, som er ein biletutjamnings-algoritme som vert brukt til å visa eit kontinuerlig bilete på ei vising med mindre fargedjupn. Algoritmen reduserer talet på fargar ved å bruka eit terskelkart kjent som Bayer-matrise (Wikipedia). Det filteret som er brukt no, brukar Bayer-matrisen berre for å laga eit mønster.

14.11.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementBayermatrise ….

14.11.3. Innstillingar

Figur 17.349. Innstillingane for filteret «Bayermatrise»

Innstillingane for filteret «Bayermatrise»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Underdivisjonar

Kor mange underdivisjonar som er brukt.

X-skala, Y-skala

Vassrett og loddrett storleik på mønsteret.

Roterering

Rotasjonsvinkel for mønster.

Refleks

Refleterer mønsteret vassrett når denne er i bruk.

Amplitude

Mønsteramplitude.

Forskyving

Verdiforskyving.

Eksponent

Verdieksponent med logaritmisk skala.

X-forskyving, Y-forskyving

Her kan du endra X- og Y-forskyvinga.