14.12. Sjakkbrett

14.12.1. Oversyn

Figur 17.350. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Sjakkbrett»


Dette filteret byter ut innhaldet i det gjeldande laget med eit sjakkbrettmønster. Som standard vert fargane henta frå for- og bakgrunnen i verktøykassa.

14.12.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementSjakkbrett ….

14.12.3. Innstillingar

Figur 17.351. Innstillingane for filteret «Sjakkbrett»

Innstillingane for filteret «Sjakkbrett»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Breidd, Høgd

Her bestemmer du kor store rutene skal vera i pikslar vassrett og loddrett.

Å auka berre breidd eller høgd, vil oppretta vassrette eller loddrette striper.

Forskyv X, Forskyving Y

Desse alternativa forskyv kvadrat vassrett (X) eller loddrett (Y). Verdigrensene er grensene for skjermen.

Farge 1, Farge 2

Standardfarge 1 er forgrunnsfargen i verktøykassa, standarfarge 2 er bakgrunnsfargen i verktøykassa.

Du kan endra desse fargane ved å trykkja på fargeknappen eller bruka pipetta til høgre. Storleiken på pipetta kan setjast i GEGL-operasjonane i verktøykassa.