5.3. Relieff ("Emboss")

5.3.1. Oversyn

Figur 17.53. Eksempel på bruk av filteret «Relieff»

Eksempel på bruk av filteret «Relieff»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Relieff»

Filteret «relieff» brukt


Filteret omformar biletet eller utvalet slik at det liknar på eit relieff med humpar og hol. Lyse område vert løfta og mørke område vert senka. Du kan endra lyssetjinga.

5.3.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarRelieff….

5.3.3. Innstillingar

Figur 17.54. Innstillingane for filteret «Relieff»

Innstillingane for filteret «Relieff»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Reliefftype ("Emboss Type")
Relieff ("Emboss")

Dette endrar fargane i biletet til gråtoner og relieffet vert tydelegare, og ser ut som metall. Sjølv om biletet ser ut som gråtonar, vert ikkje fargemodusen endra. I dei fleste tilfella betyr dette at det vert verande i RGB, men du kan også bruka dette filteret på indekserte og gråtonebilete.

Ruglekart (bevar opphavlege fargar) ("Bumpmap")

Gjev ein mjuk relieffverknad i originalfargane.

Asimut ("Azimuth")

Denne kontrollen bestemmer kva himmelretning lyset skal koma frå (0 - 360). Viss du går ut frå at sør er toppen av biletet, vert aust (0°) til venstre. Aukande verdiar går mot klokka.

Elevasjon ("Elevation")

Elevasjon er høgda frå horisonten (0°) og i prinsippet opp til senit (90°), men her betyr det opp til den motsette horisonten (180°).

Djupn ("Depth")

Ruglene vert høgare og hola djupare når Djupn vert auka.