5.4. Gravyr ("Engrtave")

5.4.1. Oversyn

Figur 17.55. Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «gravyr»

Filteret «Gravyr» brukt


Dette filteret etterliknar ei form for gravering ved at biletet vert teikna ved hjelp av svarte, vassrette strekar der breidda på strekane vert bestemt ut frå dei opphavlege pikselverdiane. Effekten kan minna om slik ein finn i myntar og i eldre bokillustrasjonar.

[Notat] Notat

Filteret «Gravyr» verkar berre på flytande utval og lag med alfakanal. Du kan leggja til alfakanal dersom denne manglar.

5.4.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarGravyr….

5.4.3. Innstillingar

Figur 17.56. Innstillingane for filteret «gravyr»

Innstillingane for filteret «gravyr»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Høgde ("Height")

Dette er breidda, frå 2 til 16, på graveringslinjene.

Avgrens linjebreidda ("Limit line Width")

Dersom denne er slått på, vert det ikkje teikna tynne linjer der det er samanhengande fargeområde. Sjå eksemplet nedanfor.

Figur 17.57. Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Originalbiletet

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Med avgrensa linjebreidde

Eksempel på bruk av avgrensa linjebreidde

Utan avgrensa linjebreidde