5.2. Lupeeffekt

5.2.1. Oversyn

Figur 17.51. Det same biletet før og etter bruk av «Lupeeffekt».

Det same biletet før og etter bruk av «Lupeeffekt».

Originalbiletet

Det same biletet før og etter bruk av «Lupeeffekt».

Filteret «lupeeffekt» brukt


Dette filteret gjer at ein del av biletet ser ut som det er sett gjennom eit forstørringsglas.

5.2.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarLupeeffekt….

5.2.3. Innstillingar

Figur 17.52. Innstillingane for filteret «Lupeeffekt»

Innstillingane for filteret «Lupeeffekt»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Brytningsindeks for linsa ("Lens refraction index")

Gjer linsa meir eller mindre konkav. (1 - 100).

Behald originalomgivnadane (Keep original surroundings")

Lupa ser ut til å vera brukt på det aktive laget.

Bakgrunnsfarge ("Background color")

Den delen av det aktive laget som ligg utanom lupa vil få bakgrunnsfargen frå verktøykassa.

Du kan velja fargen slik:

  • Trykk på fargeknappen for å opna dialogvindauget for å velja fargar.

  • Trykk på pipetteknappen til høgre for å henta farge frå biletet.