5.6. Kaleidoskop

5.6.1. Oversyn

Figur 17.65. Eksempel på bruk av filteret «Kaleidoskop»

Eksempel på bruk av filteret «Kaleidoskop»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Kaleidoskop»

Filteret «Kaleidoskop» brukt med innstillingane: spegelrotasjon 25,0, forstørring 20,0.


Filteret lagar eit kaleidoskop ved å spegla og justera biletet ved å bruka mange parameterar.

5.6.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarKaleidoskop ….

5.6.3. Innstillingar

Figur 17.66. Innstillingane for filteret «Kaleidoskop»

Innstillingane for filteret «Kaleidoskop»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Spegelrotasjon ("Mirror rotation")

Rotasjonen brukt på den spegla kopien av biletet.

Resultatrotasjon ("Result rotation")

Rotasjonen brukt på utgangsbiletet.

Speglane

Kor mange spegla kopiar av biletet som skal brukast.

Forskyv X, Forskyv Y

Vassrett og loddrett posisjon for symmetrisenteret i utgangsbiletet. Du kan bruka pilknappen for å setja ei plassering på det gjeldande biletet. Kjedeknappen kan brukast for å slå av eller på å bruka same verdiane for Forskyv X og Forskyv Y.

Senter X, Senter Y

Forholdet mellom X-aksen og Y-aksen for å sentrera speglinga.

Trim X, Trim Y

Forholdet mellom X-aksen og Y-aksen for å trimma utvidinga.

Zoom

Skaleringsfaktor for å justera avbildingsstorleiken.

Utvid ("Expand")

Det er uvisst kva denne effekten gjer. Det kan sjå ut som han også er relatert til skaleringa.

Klipp resultatet til inngangsstorleiken ("Clip result to input size")

Viss slått på, vert det spegla resultatet klipt til same storleik som inngangen.

Pakk inn inndataa ("Wrap input")

Viss slått på, vert heilt utgangsområdet fylt.