7.2. CIE lch-støy

7.2.1. Oversyn

Figur 17.146. Eksempel på bruk av filteret «CIE lch-støy»

Eksempel på bruk av filteret «CIE lch-støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «CIE lch-støy»

Filteret «CIE lch-støy» brukt


Filteret «CIE Ich-støy» legg inn støy i det gjeldande laget eller utvalet ved å bruka fargemodellane lysverdi, kroma og kulør ut frå spesifikasjonane gjeve av CIE («Compagnie Internationale de l'Éclairage»).

7.2.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterStøyCIE Ich-støy….

7.2.3. Innstillingar

Figur 17.147. Innstillingane for filteret «CIE lch-støy»

Innstillingane for filteret «CIE lch-støy»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Sløving

Denne glidebrytaren (1 - 8) kontrollerer slumpen av støy: Ein høg verdi gjer slumpen mindre.

Lysverdi

Denne glidebrytaren endrar lysverdien på støyen.

Kroma

Denne glidebrytaren forandrar kroma på pikslane i eit tilfeldig mønster (prosent av kvitt med same lysverdi).

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit aukande fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den opphavlege pikselfargen.

Tilfeldig frø, New Seed

This option controls the randomness of the filter. The Random seed box lets you manually enter a seed for the randomization algorithm used. You can also generate a random seed by pressing the New Seed button. If the same random seed is used in the same situation, the filter produces exactly the same results. A different random seed produces different results.