Filteret «Pikseliser» omformar biletet til store fargeblokker noko liknande slike som vert brukte på fjernsyn for å kamuflera ansiktet til folk som ikkje skal gjenkjennast. Denne effekten er nærare forklart i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt».
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Du kan velja mellom tre former: rombe, rund og kvadratisk (standard). Formene rombe og rund vert synlege berre viss du senkar Storleiksforholdet X/Y til omkring 0,6 (rombe) eller 0,5 (rund).
Her bestemmer du breidda og høgda på blokkene i pikslar.
Normalt er breidd og høgd lenkja saman, vist med lenkjesymbolet. Du kan fjerna lenkinga ved å klikka på lenkjesymbolet.
Vassrett og loddrett storleiksforhold (0,000-1,000) til ein piksel inne i ei blokk. Standardverdien er 1,000. Talet på blokker er heile tida det same. Viss du endrar forholdet, vert storleiken på blokka endra. Dei manglande pikslane vert erstatta med bakgrunnsfargen.
Vassrett og loddrett forskyving av formene i pikslar inne i ei blokk.
Standard bakgrunn er den som vert vist i verktøykassa. Du kan endra dette ved å klikka på fargekjelda, noko som opnar eit fargeveljarvindauge eller plukka ein farge med fargehentaren til høgre.
Merk at du kan endra bakgrunnsfargen til å vera meir eller mindre gjennomsiktig ved å endra alfaverdien i dialogvindauget for å velja farge. Dette kan føra til interessante effektar viss laget du arbeider på har ein alfakanal.