3.6. Mediansløring

3.6.1. Oversyn

Medan filteret «Gaussisk sløring» reknar ut gjennomsnittet frå nabopikslane, reknar filteret «Median» medianen:

Figur 17.18. Rekna ut median

Rekna ut median

Eit 3×3 nabolag. Verdiar i stigande rekkjefølgje. Median merkt med raudt.


Denne utrekninga fører ikkje til ein ny verdi og ein ikkje-representativ piksel i nabolaget påverkar ikkje resultatet. Så filteret tek vare på kantar og runder hjørne. Det vert brukt til å redusera støy, spesielt salt- og peparstøy, og å sletta riper på fotografi.

3.6.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under FilterSløringMediansløring.

3.6.3. Innstillingar

Figur 17.19. Innstillingane for filteret «Mediansløring«

Innstillingane for filteret «Mediansløring«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Nabolag

Forma på nabolaget. Tre val: kvadrat, sirkel(standard), rombe. Skilnadane er subtile og kan ikkje føreseiast: Du må bere eksperimentera. Heldigvis gjer redigering på lerretet dette enklare.

Figur 17.20. «Median»-nabolaget

«Median»-nabolaget

Radius=3. Venstre: kvadratisk.

Midten: sirkel. Høgre: rombe.


Sløringsradius

Radius på nabolaget. Aukande radius gjev meir sløring. I motsetnad til filteret «Gaussisk sløring» vert kantane ikkje sløra. Hjørna vert avrunda og konvekse overflater vert eroderte.

Figur 17.21. «Mediansløring» kontra «Gaussisk sløring»

«Mediansløring» kontra «Gaussisk sløring»

Venstre: originalbiletet

Midten: gjennomsnitt

Høgre: Gaussisk sløring


Aukar du radius for mykje, kan dette føra til uventa effektar:

Venstre: originalbiletet

Høgre: Radius=100

Prosentil

Som standard finn filteret Mediansløring medianverdien i nærleiken av kvar piksel. Trass i namnet, kan filteret faktisk finna *kva vilkårleg prosentil som helst*, ikkje berre medianen (dvs. den 50. prosentilen). Parameteren «prosentil» kontrollerer prosentilen som vert brukt for fargekomponentane. Lågare verdiar flyttar biletet mot mørkare toner og høgare verdiar mot lysare.

Venstre: originalbiletet

Midten: prosentil = 0. Biletet er mørkare. Stilkane er forstørra, men skarpe.

Høgre: prosentil = 100. Biletet er lysare om svært sløra.

Alfaprosentil

For å sjå effekten av desse parametera, treng du eit bilete med gjennomsikt. Viss alfakanalen har full dekkevne over alt, vert resultatet også fullstendig ugjennomsiktig, same kva prosentil som er sett.

Lågare verdiar for parameteren «alfaprosentil» forskyv biletet mot meir gjennomsikt, og høgare verdiar mot mindre gjennomsikt, der ein verdi på 50 % er balansert. Grovt sett gjer verdiar mindre enn 50 % dei ugjennomsiktige områda i biletet mindre, medan verdiar større enn 50 % gjer dei ugjennomsiktige områda i biletet større.

Venstre: originalen. Biletet har ein alfakanal. Ein gjennomsiktig sirkel.

Midten: prosentil = 0 %. Den gjennomsiktige sirkelen er forstørra.

Høgre: alfaprosentil = 100 %. Den gjennomsiktige sirkelen er redusert.

Abyss policy

Abyss policy (kanthandsaming) er handsama med Abyss taktikk.

Høg presisjon

Dette alternativet unngår klipping og kvantisering, men er seinare.

3.6.4. Bruka mediansløring

Redusera salt- og paparstøy

Venstre: originalen (frå Wikipedia)

Midten: radius = 1 brukt to gongar

Høgre: radius = 1 brukt tre gongar

Redusera riper

Venstre: originalen

Midten: radius = 2

Høgre: radius = 1 brukt to gongar. Biletet er mindre sløra.