5.9. Polarkoordinat

5.9.1. Oversyn

Figur 17.71. Eksempel på bruk av filteret «Polarkoordinat»

Eksempel på bruk av filteret «Polarkoordinat»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Polarkoordinat»

Filteret «Polarkoordinat» brukt


Dette filteret omformar biletet til ei kvadratisk eller sirkulær form, eller ein eller annan overgang mellom desse.

5.9.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarPolarkoordinat….

5.9.3. Innstillingar

Figur 17.72. Innstillingane for filteret «polarkoordinat»

Innstillingane for filteret «polarkoordinat»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Sirkeldjupn i prosent ("Circle depth in Percent")

Du kan bruka glidebrytaren og innskrivingsboksen for å setja kor «rund» transformeringa skal vera, frå kvadratisk (0 %) til rund (100 %).

Forskyvingsvinkel ("Offset angle")

Dette valet kontrollerer kva vinkel teikninga skal byrja frå (0° til 359°) og deretter snu det rundt sentrum av sirkelen.

Avbild bakover ("Map backwards")

Gjer at teikninga av effekten byrjar frå høgre i staden for frå venstre.

Avbild frå toppen ("Map from top")

Dersom denne ikkje er avmerkt, vil overføringa setja botnrada i midten og den øvste rada på utsida. Viss avmerkt, vert det motsett.

Til polar

Viss det ikkje er merkt av, vert biletet lagt inn sirkulært i eit rektangel (oddeeffekt). Viss avmerkt, vert biletet lagt inn i ein sirkel.

X, Y

Desse polarkoordinata er aktive berre viss det ikkje er merkt av for «Vel midten».

Vel midten ("Choose middle")

Merkt av som standard: origo (sentrum) er i midten av laget. Viss denne ikkje er merkt, kan du endra verdiane for X og Y for å plassera origo.

5.9.4. Eksempel

Figur 17.73. Med tekst

Med tekst

Dersom teksten nyleg er skrive og framleis ligg i eit eige tekstlag, må du flata ut biletet før du brukar filteret.


Figur 17.74. Med to vassrette bjelkar

Med to vassrette bjelkar