10.3. Vis siste igjen

Kommandoen Vis siste igjen viser dialogvindauget til det programtillegget som sist vart brukt. I motsetning til kommandoen Gjenta siste, som ikkje viser eit dialogvindauge, viser «Vis siste igjen» eit dialogvindauge viss programtillegget har eit. Viss programtillegget følgjer GIMP-programmeringskonvensjonane vert dei sist brukte innstillingane viste i vindauget.

[Notat] Notat

Legg merke til at kommandoen køyrer det sist brukte programtillegget, uavhengig om det er frå Filter-menyen eller frå andre stader.

[Tips] Tips

Det er svært vanleg ved bruk av programtillegg, spesielt dersom det ikkje har førehandsvising, at parametra må justerast fleire gonger før resultatet vert tilfredsstillande. Det er difor lurt å læra seg til å bruka snartastane for Angre og Vis siste igjen: Ctrl+Z følgd av Ctrl+Shift+F.

10.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyposten på hovudmenyen via FilterVis igjenfilter,

  • eller med snarvegen Ctrl + Shift + F.