5.13. Verdiutbreiing

5.13.1. Oversyn

Figur 17.81. Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»

Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»

Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»


Dette filteret arbeider på fargekantane. Det spreier pikslar som er ulike på ein spesifisert måte frå nabopikslane.

5.13.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengingarVerdiutbreiing….

5.13.3. Innstillingar

Figur 17.82. Innstillingane for filteret «Verdiutbreiing»

Innstillingane for filteret «Verdiutbreiing»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Modus

I eksempla nedanfor er det dette biletet som er brukt:

Meir kvitt (større verdi) ("More white (larger value)")

Pikslane vil spreia seg frå pikslar med høg lysverdi til pikslar med lågare lysverdi og såleis utvida dei lyse områda.

Figur 17.83. Meir kvitt

Meir kvitt

Dei lyse pikslane har spreidd seg til mørke pikslar i fire retningar: opp, ned, høgre og venstre. Filteret er køyrd fleire gonger for å forsterka effekten.


Meir svart (mindre verdi) ("More black (smaller value)")

Pikslane vil spreia seg frå pikslane med låg lysverdi til pikslane med høgare lysverdi og såleis utvida dei mørke områda.

Figur 17.84. Meir svart

Meir svart

Figur 17.85. Berre til botnen

Berre til botnen

Det same som ovanfor men avmerka berre for Til botnen.


Middelverdi til spissane ("Middle value to peaks")

På ei grense mellom dei valde tersklane vert gjennomsnittet av begge verdiane spreidde.

Figur 17.86. Middelverdi til spissane ("Middle value to peaks")

Middelverdi til spissane ("Middle value to peaks")

Det kan verta lagt inn ei tynn ramme i ein mellomfarge rundt objektet. Ramma er ikkje synleg rundt objekt med utjamna kantar.

Middelverdi til spissane ("Middle value to peaks")

Det grøne området er forstørra 800 gonger. Det er lagt til ei tynn (1 piksel tjukk) ramme. Verdien er gjennomsnittet mellom grå (90 %) og grøn (78 %): (90 + 78) / 2 = 84.


Farge til spissar ("Color to peaks")

Området mellom dei to grenseverdiane vert fylt med forgrunnsfargen som vert vist i verktøykassa.

Det vert opna ein fargeveljar med ein fargeplukkar.

Figur 17.87. Farge til spissar ("Color to peaks")

Farge til spissar ("Color to peaks")

I dette eksemplet er den merkte farge raud. Ei tynn (1 piksel brei) ramme er lagt rundt objektet. Dersom det er brukt kantutjamning på objektet, vert denne ramma lagt i ytterkantane av utjamninga. Her er det ei anna ramme innføre. Dette fordi objektet er så lite at kantutjamninga på motsette sider overlappar kvarandre.


Berre farge ("Only color")

Berre område med vald farge vil spreia seg. Med dette alternativet vil mjuke og sløra kantar spreia seg dårleg.

Figur 17.88. Berre farge ("Only color")

Berre farge ("Only color")

I dette eksemplet er den valde farge den som er brukt på det grøne objektet. Etter å ha køyrd filteret fleire gonger, er det grøne området tydeleg forstørra.


Meir dekkevne ("More opaque"), Meir gjennomsikt ("More transparent")

Desse kommandoane verkar som «Meir kvitt» og «Meir svart». Gjennomsiktige område vil spreie seg over mindre gjennomsiktige område. Desse funksjonane verkar berre på bilete med alfakanal.

Figur 17.89. Meir dekkevne ("More opaque")

Meir dekkevne ("More opaque")

Originallaget med gjennomsiktig bakgrunn.

Meir dekkevne ("More opaque")

Etter å ha køyrd filteret fleire gonger er dei grøne, ugjennomsiktige områda forstørra.


Nedre grenseverdi ("Lower threshold"), Øvre grenseverdi ("Upper threshold")

Ein piksel vert spreidd viss skilnaden mellom pikselen og nabopikslane ligg mellom den nedre og den øvre grenseverdien.

Utbreiingsmengde ("Propagating rate")

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess meir farga vert utbreiinga.

Til toppen ("To top"), Til venstre ("To left"), Til høgre ("To right"), Til botnen ("To bottom")

Du kan velje ein eller fleire retningar.

Utbrei verdikanalen ("Propagating value channel")

Viss det er merkt av for denne, vil fargekanalen, eller gråkanalen for gråskalabilete, verta spreidd. Sjølvsagt er dette valet merkt som standard.

Utbrei alfakanalen ("Propagating alpha channel")

Viss denne er avmerkt, vert alfaverdien for pikselen spreidd, elles vil pikselen få alfaverdien til nabopikslane.

5.13.4. Bruka «Verdiutbreiing»

Venstre: Original. Midten: Meir kvitt. Høgre: Meir svart.