11.10. Vasspikslar

11.10.1. Oversyn

Vasspikslar er eit filter basert på superpikslar og vassskiljetransformasjonen. Desse algoritmane vert brukte til å dela bilete i område med liknande fargeverdiar.

[Notat] Notat

Dette filteret kan vera sakte på store bilete.

11.10.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskVasspikslar.

11.10.3. Innstillingar

Figur 17.215. Innstillingane for filteret «Vasspikslar»

Innstillingane for filteret «Vasspikslar»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Storleik på superpikslane

Storleiken på området som verdien skal hentast frå. Store verdiar gjer at du får mindre fargeområde.

Jamnheit på fargeovergang

Jamnheita til fargeovergangen som vert brukt i utrekningane. Høgare verdi gjev mindre uregelmessige kantar.

Romleg regularisering

Spesifiserer kor regelmessige områda skal vera. Låge verdiar er uregelmessige. Dess høgare verdi, dess meir byrjar områda å sjå ut som kvadrat.

Farge på superpikslane

Dette vel korleis du vel farge for kvart område. Til vanleg vert det brukt Gjennomsnitt, som tek gjennomsnittsfargen på pikslane i området. Det andre alternativet er Tilfeldig, som brukar ein tilfeldig farge.