7.13. Tekst langs bane

Denne kommandoen bryt teksten langs den gjeldande banen. Du kan endra gjeldande bane i banedialogvindauget. Sjå Tekst langs bane i teksthandsaminga for meir informasjon.

[Notat] Notat

Kommandoen dukkar opp i Lagmenyen berre viss minst eitt tekstlag er merkt. Det må også vera minst ein bane tilgjengeleg for at kommandoen skal ha nokon effekt.

7.13.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagTekst langs bane.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Tekst langs bane i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.