8.55. Farg inn biletet

Innfargingsfilteret omformar det gjeldande laget eller utvalet til eit gråtonebilete sett gjennom farga glas. Du kan bruka det for å gje biletet ein «sepiaeffekt». Sjå Fargemodell for kulør, metniong og lysverdi.

8.55.1. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarFargelegg….

8.55.2. Innstillingar

Figur 16.235. Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kulør

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein kulørverdi mellom 0,0 og 1,0.

Metning

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein metningsverdi mellom 0,0 og 1,0.

Lysverdi

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein lysverdi mellom -1,0 (mørk) og +1,0 (lys).

Farge

Ved å bruka fargeknappen eller fargeplukkaren kan du raskt velja farge for å fargeleggja biletet. Vel du ein farge her, vert glidebrytaren over justert automatisk.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».