8.54. Terskel

Terskelfilteret omformar det gjeldande laget eller utvalet til eit svart/kvitt-bilete, der kvite pikslar representerer pikslar i biletet der verdien for den valde kanalen er innanfor terskelområdet, og svarte pikslar representerer pikslar med ein verdi utanfor terskelområdet.

Du kan bruka det for å forbetra eit svart/kvitt-bilete (for eksempel skanna tekst) eller for å laga ei utvalsmaske.

[Notat] Notat

SIdan dette filteret lagar eit svart/kvitt-bilete, forsvinn all kantutjamning i biletet. Viss dette skapar eit problem, bruk verktøyet Nivå i staden.

8.54.1. Aktivera filteret

Du kan aktivera verktøyet på ulike måtar:

  • Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarTerskel….

  • eller ved å klikka på -ikonet i verktøykassa viss «Terskel» er sett inn der som eit verktøy (det er ikkje det i standardoppsettet). Sjå om dette i Del 6.13, «Verktøykassa».

8.54.2. Innstillingar

Figur 16.230. Filterdialogvindauget for «terskel»

Filterdialogvindauget for «terskel»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kanal

Dette let deg velja kva kanal(ar) som skal brukast på terskelen. Standard er Verdi, som vil bruka alle fargekanalane, men du kan også velja å bruka ein enkelt kanal: Raud, Grøn, Blå og Alfa (berre tilgjengeleg når laget har ein alfakanal), Luminans eller RGB.

Lineært histogram, logaritmisk histogram

Desse to knappane til høgre for kanalvalet vert brukte for å velja kva histogramtype som skal visast.

Terskelområde

Terskelverktøyet gjev ein visuell graf, eit histogram, av intensitetsverdien til det aktive laget eller utvalet. Du kan setja terskelområdet anten ved å bruka innskrivingsboksane for minimum og maksimum, eller ved å klikka og dra på grafen. Det let deg velja ein del av biletet med ein viss intensitet frå ein bakgrunn med ein annan intensitet. Pikslane innanfor området er kvite og dei andre er svarte. Juster området for å få det utvalet du ønskjer i kvitt på svart bakgrunn. Du kan bruka Auto-knappen for å justera terskelen automatisk.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.54.3. Bruka «terskel» og «snarmaske» for å laga ei utvalsmaske

Det er ikkje alltid tilfelle, men av og til kan eit element du vil dra ut frå biletet stå ut nokså synleg og avgrensa i høve til bakgrunnen. I slike tilfelle kan du bruka terskelverktøyet for å merkja heile elementet. «Grokking the GIMP» viser ein metode basert på ei kanalmaske, men no er det enklare å bruka snarmaska.

  1. First start decomposing your image into its RGB and HSV components by using the Decompose filter. A new grayscale image is created and the components are displayed as layers in the Layers dialog. These layers come with a thumbnail but it is too small for an easy study. You can, of course, increase the size of this preview with the dialog menu (the small triangular button), but playing with the «eyes» is more simple to display the wanted layer in the decompose image. Select the layer that isolates the element the best.

    Figur 16.231. The original image, the decompose image and its Layers dialog

    The original image, the decompose image and its Layers dialog
    The original image, the decompose image and its Layers dialog
    The original image, the decompose image and its Layers dialog

  2. Kall opp terskelverktøyet frå det separerte biletet. Ved å flytta på den svarte markøren kan du finna ein terskelverdi som best isolerer elementet du ønskjer å trekkja ut. Dette vert kanskje ikkje perfekt, men vi skal forbetra det med utvalsmaska som vi skal laga.

    [Åtvaring] Åtvaring

    Forsikra deg om at du har vald det rette laget når du opnar terskelverktøyet, det er ikkje råd å byta lag seinare.

    Figur 16.232. Det valde laget etter at terskelen er sett

    Det valde laget etter at terskelen er sett

    Vi har fått det beste omrisset av blomen. Det er fleire raude objekt som må fjernast.


  3. Forsikra deg om at biletet som viser det valde laget er aktivt og kopier det til utklippstavla med Ctrl+C.

  4. Now, make the original image active. Click the Quick Mask button at the bottom-left corner of the image window: the image gets covered with a red (default) translucent mask. This red color does not suit well to our image with much red: go to the Channels dialog, activate the «Quick mask» channel and change this color with the Edit Channel Attributes. Come back to the original image. Press Ctrl+V to paste the previously copied layer.

    Figur 16.233. Maska

    Maska

  5. Voilà. Your selection mask is ready: you can improve the selection as usual. When the selection is ready, disable the Quick mask by clicking its button again: you will see the marching ants around the selection.

    Figur 16.234. Resultatet

    Resultatet
    Resultatet

    Vi brukte forstørring for å arbeida på pikselnivå, frihandsutvalet for å fjerna store uønskte område, blyanten (for å få harde kantar), svart farge for å fjerna merkte område, kvit farge for å leggja til merkte område.