8. Menyen «Fargar»

8.1. Postar i menyen «Fargar»

Figur 16.126. Innhaldet i menyen «fargar»

Innhaldet i menyen «fargar»

I denne seksjonen kan du finne hjelp om postane i menyen Fargar.

[Notat] Notat

Du kan også finna andre punkt i menyen enn dei som vert omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av tredjeparts programtillegg. Du kan finna nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget.

8.1.1. Felles eigenskapar for fargar

Dei GEGL-baserte filtera i Farge-menyen har fleire innstillingar felles. Nokre av desse instillingane vert viste berre i spesielle samanhengar.

Forval

Forvala er ein rask måte å velja tidlegare lagra innstillingar for filteret du brukar. Viss du har lagra forval tidlegare, kan du velja dei frå lista eller du kan du lagra dei gjeldande innstillingane ved å trykkja knappen «+».

Knappen opnar menyen over forvala der du kan importera gjeldande innstillingar frå fil eller eksportera gjeldande innstillingar til fil og gjev deg tilgang til handsam lagra forval.

Inngangstype
[Notat] Notat

The input type drop-down list is only visible when a selection is active, and the filter allows choosing the input.

  • Bruk utvalet som inngang: Viss dette valet er merkt, vil filteret bruka berre pikslar inne i utvalet som inngang for filteret.

  • Bruk heile laget som inngang: Viss denne er merkt, vert heile laget brukt som inngang for filteret. Utgangen vil påverka berre utvalet. Laget utføre utvalet vert uendra.

Klipping
[Notat] Notat

The clipping drop-down list is only visible when the current layer has an alpha channel, no selection is active, and the filter operation can change the layer size.

Denne innstillinga bestemmer kva som skal gjerast når resultatet av filteret vert større enn det opphavlege laget.

  • Juster: Storleiken på laget vert endra automatisk når det er nødvendig. Dette er standard.

  • Klipp: Resultatet vert klipt til laggrensene.

Blandeinnstillingar

Når du utvidar dette valet ved å klikka plussen (+) kan du velja kva blandemodus og gjennomsikt som skal brukast når du tek i bruk filteret. Desse arbeider på same måten som innstillingane for lagblanding.

Førehandsvising og delt vising
  • Førehandsvis: dette valet er som standard merkt av og viser endringane direkte på lerretet..

  • Delt vising: viss det er merkt av for denne, vert biletvindauget delt i to. Den venstre sida viser filtereffekten medan den høgre delen viser originalbiletet utan filteret.

    [Notat] Notat

    Du kan klikka og dra delelinja for å flytta ho. Trykk Ctrl-tasten medan du dreg for å gjera linja vassrett eller for å setja ho tilbake til loddrett.